Slikkepinnar kan bli skumle ved hjelp av papirlommetørkle, svart tråd og tusj.
Det er enkelt å lage både spøkelse og edderkoppar.
Surr ein og ein pipereinsar rundt pinnen og form endane som lange bein. Til sist limer du auga på edderkoppen. Vips, så har du ein ekkel edderkopp.
Ostepop eller popcorn kan pakkast i posar som du teiknar på.
Skumle bananar på pinne er å både sunt og godt.
Også frukt kan bli skremmande. Del eple i bitar, og pynt med peanøttsmør, mini-marshmallows eller mandlar. Over limer du bitar med nonstop eller marshmallows, eller anna som fungerer som auge. I munnen kan du også skjere til eit jordbær i skiver som kan fungere som tunge.
Bruk ein oransje paprika, skjer ut auge, nase og munn, og fyll den deretter med kokt spagetti.
Ei heilt vanleg tomatsuppe frå pose kan gjerast meir skummel med å koke egg i for eksempel blåbærsaft
Slik blir egga etter å ha blitt kokt i blåbærsaft og kakka i skalet undervegs.
Siri Iversen i Siri's Soulfood er opphavleg frå USA, og har mange gode råd til korleis du kan gjere både banan, eple og paprika skummel.