Hopp til innhold

Her er jerven bøndene fryktar skal føre til katastrofesommar for lam og sau

Jerven som Klima- og miljødepartementet nekta å felle, går no laust på lam og sau i Fortunsdalen i Luster. No tel sauebonden på knappane.

Jerv har tatt sau i Luster.

SJELDENT SYN: Jerven er veldig sky og vanskeleg å nærme seg for folk. Her er det viltkamera som har fanga jerven med eit lammekadaver.

Foto: Leidulf Veka

– Det er ikkje så lett å slutte når ein har drive med dette heile livet. Men vi kan ikkje leve med dette, seier Leidulf Veka til NRK.

Han sette opp viltkamera ved eit sauekadaver han fann. Dagen etter kom jerven tilbake til matfatet og forsynte seg.

Hittil har han funne fire daude lam – utan hovud. Eit teikn på at det er jerven sitt verk.

Totalt manglar han rundt 20 sauer så langt.

Det er akkurat denne jerven grunneigarane søkte om fellingsløyve på i vinter. Saka kom heilt til miljøministeren sitt bord, men dei fekk nei.

– Det er tragisk, seier sauebonde Leidulf Veka.

Frustrert ordførar

Han får no støtte frå ordførar i Luster, Ivar Kvalen (Sp). Han meiner det er frustrerande at styresmaktene ikkje vil felle jerven.

– No skjer det som alle sa den gongen: med ein gong beitesesongen 2020 er i gang, så er katastrofen der. Dette er ikkje bra.

Han meiner det er beklageleg at Klima- og miljødepartementet ikkje lytta til fagfolk i vinter og fekk tatt ut den jerven som dei burde visst kom til å gjere skade.

Miljødepartementet har synt til at tapstala på beitedyr har gått ned, men Kvalen meiner at grunnen til det ikkje er færre rovdyr.

– Hovudgrunnen til det er jo at det er mange som sluttar som bønder og at det er færre beitedyr i området, meiner ordføraren.

NRK har i fleire dagar forsøkt å få klima- og miljøminister Sveinnug Rotevatn (V) til å kommentere denne saka i intervjuform. Det vil han ikkje gjere. Mot slutten av artikkelen kan du lese svaret frå departementet.

Jerv har tatt sau i Luster.

VANSKELEG Å SJÅ: Jerven er vanskeleg å få auge på, og med tett vegetasjon og ingen sporsnø vil det vere nær umogleg for jegerar å få has på dyret.

Foto: Leidulf Veka

Grenselause rovdyr

Rein Arne Golf er koordinator i Statens naturoppsyn på Vestlandet. Han vil ikkje ta stilling til om den aktuelle jerven bør skytast eller ikkje.

Men han legg ikkje skjul på at det er utfordrande at det gjeld ulike reglar på kvar side av fjella. I Innlandet skal det vere jerv, på Vestlandet har beitedyra prioritet.

Men jerven kjenner dårleg til prinsippet om fylkesgrenser og vandrar fritt i fjellet.

– Det er grenser for forvaltning midt i fjellområdet som jerven brukar. Det er ei utfordring når det skjer skade på beitedyr.

– Jerven kjem til å herje

Han slår fast at det vil vere svært vanskeleg å jakte på den aktuelle jerven no når snøen er vekke.

– Sjansen for å felle ein jerv no på barmark er veldig liten. Det er mykje vegetasjon, lite spor og dyra er nattaktive, seier Golf.

I Fortunsdalen er sauene til Leidulf Veka no på veg til fjells. I fjellområda ved foten av Jotunheimen går vårbeite og fjellbeite tett i hop.

– Jerven kjem til å herje i saueflokkane om den ikkje blir felt, fryktar Veka.

Vil ikkje gje intervju

Miljø- og klimaminister Sveinung Rotevatn vil ikkje la seg intervjue i denne saka. Via kommunikasjonsavdelinga kjem departementet med følgjande kommentarar:

  • Miljødirektoratet har over mange år følgde nøye med på jervesituasjonen i Sogn, og det er gjort ei rekke ekstraordinære uttak i området. Også før denne beitesesongen har direktoratet gjort to vedtak om felling av jerv, og den 18. mai vart ein jerv felt av Statens naturoppsyn i Luster
  • Hovudverkemiddelet for å regulere jervebestandens storleik og utbreiing skal vere lisensfelling utført av vanlege jegerar. Det har vore opna for lisensfelling av jerv i desse områda òg denne vinteren
  • Lisensfelling av jerv har ikkje vore like effektivt i alle område. Vi har derfor bestemt at det skal gjerast permanente endringar i regelverket slik at lisensjegerar kan nytte nye verkemiddel. Dette gjeld bruk av kunstig lys på åte og elektronisk overvaking av fangstbåsar for jerv.
  • Tap av sau til rovvilt er sterkt redusert dei seinare år, og tala viser samtidig at talet på sau på beite held seg relativt stabilt. Eg forstår at rovdyr kan vere medverkande eller direkte årsak til at nokon sluttar med sau, men i eit større bilde er det altså ikkje slik at tapsreduksjonen kan forklarast med at det stadig blir mindre sau på beite
Jerveområde