NØGD: Prosjektleiar Haakon Vatle er letta og nøgd med dei høge publikumstala.
Foto: NRK– Vi er svært nøgde med tala. Det kokte i Bergen, og det var det vi ønskte, seier prosjektleiar Haakon Vatle.
Han trur årsaka til at tala blei så høge er at mange fann vegen til Tall Ships Races allereie på torsdag.
– Normalt sett så aukar tala mot helg, men her var det fullt liv heilt frå starten, seier prosjektleiaren.
- LES OGSÅ: Sjå Tall Ships Race 2014 frå lufta
Letta over suksessen
Både Vatle og resten av komitéen er letta over at arrangementet har gått bra.
– Det er klart at vi er letta. Eg er så takknemleg og nøgd med arrangementet. Det er steike mykje bra folk i Bergen som har vore med på å få det til, seier Vatle.
I dag tar han ein pust i bakken etter dei hektiske dagane.
– Akkurat no sit eg med beina på bordet på verdas skitnaste festivalkontor. I dag trur eg ikkje det blir gjort så mykje, ler Vatle.
– Terrortrugsmålet låg i bakhovudet
Torsdag kom meldinga om at Norge hadde blitt truga av terror. Eit av dei stadane som blei nemnt som potensielle mål var akkurat Tall Ships Races i Bergen.
– Det var ikkje ein perfekt start på festen akkurat. Eg var veldig glad for at vi allereie hadde utarbeida ein kriseplan i tilfelle noko slikt skulle kome opp, seier Vatle.
Både politi, brannvesen, sjøforsvaret og kystverket har tatt del i planlegginga av Tall Ships Races og var førebudd på ein slik situasjon, fortel prosjektleiaren.
– Vi har brukt eit og eit halvt år på å planlegge dette, men likevel låg trugsmålet i bakhovudet heile helga, seier Vatle.
Skryt frå politiet
Også politiet kjem med lovord om arrangementet. Trass i dei enorme folkemengdene har dei hatt lite å gjere på.
– Det har vore stille og roleg for oss reint ordensmessig, fortel operasjonleiar i politiet, Morten Kronen.
Politiet var lette å sjå i Bergen sentrum denne helga. Årsaka var terrortrugsmålet mot Norge, som førte til auka beredskap i byen.
– Folk har oppført seg svært bra på alle måtar. Det verkar som dei besøkande var interessert i å få med seg arrangementet og ha det kjekt, seier Kronen.
Han fortel at svært få har måtte overnatte i fyllearresten i løpet av helga.
– Iallefall med tanke å kor mykje folk som har vore i byen. Erfaringsmessig går store arrangement i Bergen sentrum fint føre seg, trass i at det er snakk om mange mennesker på små geografiske områder, fortel Kronen.