Hopp til innhold

Dei skal lenke seg fast for å stoppe dumping i fjorden

Ungdom er klare til kamp for å stanse anleggsmaskinene som kjem til Førdefjorden.

Natur og ungdom, med leiar Gina Gylver i spissen, vil stoppe gruvedrift i Førdefjorden med sivil ulydnad.

PROTESTERER: Leiar Gina Gylver (frå venstre) og Natur og ungdom har samla seg i Vevring i Sunnfjord for å protestere mot den planlagde gruvedrifta i bygda. Dei lovar å lenke seg fast til anleggsmaskinane.

Foto: Bård Siem / NRK

CO₂ i atmosfæren
425,4 ppm
1,5-gradersmålet
+1,13 °C
Les mer  om klima

Ein eim av fisk og krabber vitnar om at middagen er på gang i Engebøhuset i Vevring i Sunnfjord.

Om lag 20 ungdomar frå Natur og ungdom er samla i det gamle trehuset, klare for nyte av maten frå fjorden. Og ikkje minst til å lenke seg fast når anleggsarbeidet er i gang.

– Vi vil gjere alt vi kan for å stoppe gruveplanane.

Det seier Gina Gylver, leiar i Natur og ungdom.

Diskusjonen rundt gruvedrift i den vesle bygda ved fjorden har gått føre seg heilt sidan 2007. Og seinast i førre veke fekk gruveselskapet Nordic Rutil dei siste løyva dei treng for å starte grunnarbeidet.

Som ein del av gruveprosjektet er det planlagt dumping av fleire tusen tonn restmassar i Førdefjorden. I tillegg må 23 hus og driftsbygningar rivast for å gje plass til anleggsområdet.

ss

KJEMPAR FOR FJORDEN: Gina Gylver og Isak Gregers Eriksen meiner krabbene dei har fanga i Førdefjorden viser at det er verdt å kjempe mot dumping av restmasse i fjorden.

Foto: Bård Siem / NRK

Det er minerala rutil og granat gruveselskapet er ute etter. Rutil blir mellom anna brukt i mobiltelefonar og til fargepigment i måling. Granat kan brukast til sandblåsing eller kutting av stål, aluminium og plast.

Gylver seier til NRK at livet i fjorden vil bli øydelagt dersom gruveselskapet startar den planlagde dumpinga.

– Sivil ulydnad er ein sikkerheitsventil i det norske demokratiet, seier ho.

Meiner gruvedrift blir bra for bygda

Eit par kilometer lenger vest møter vi Ola Dag Thingnes. 61-åringen bur i eit stort ærverdig trehus heilt nede ved fjordkanten. Thingnes er oppgitt over ungdomane i Engebøhuset.

– Det verkar som dei har fått einsidig informasjon. Fjorden vil ikkje bli øydelagt av at det blir dumpa stein i djupet, seier han.

Thingnes føler seg trygg på at regjeringa ikkje hadde gjeve grønt lys til prosjektet dersom det ville rasere, fjord, natur og miljø.

Han trur gruveprosjektet vil bli svært positivt for Vevring. I dag bur berre vel 200 personar i bygda og folketalet har gått dramatisk ned dei siste tiåra.

Då Thingnes var ung, var det 13 elevar i klassen hans på skulen i bygda. No er det til saman elleve barn i barnehagen og dei fire stega som er igjen på barneskulen i bygda.

– Vi treng aktivitet, noko å leve av og meir folk, seier han.

Ola Dag Thingnes frå Vevring støttar grøvedrift på Engebø.

POSITIV: Ola Dag Thingnes trur den planlagde gruvedrifta vil bli positivt for bygda. Nye arbeidsplassar og tilflytting er noko bygda treng, meiner han.

Foto: Bård Siem / NRK

– Bør ha respekt for demokratiet

Administrerande direktør i Nordic Mining, Ivar Fossum, er ikkje overraska over at Natur og ungdom vil gå til sivil ulydnad.

– Det vil bli ei sak mellom demonstrantane og politiet dersom dei går til sivil ulydnad, medan fokuset vårt vil vere på helse, miljø og tryggleik, seier han.

Fossum meiner det er flott at ungdomar engasjerer seg for klima og miljø, men meiner sivil ulydnad er unødvendig.

– Eg håper ungdomane ser at vi har opne, omfattande og demokratiske prosessar for etablering av ny industri i Noreg. Dette bør dei ha respekt for, seier han.

Ivar Fossum i Nordic Mining

MEINER Å HA GOD KONTAKT: – Natur og ungdom har følgt oss i mange år og har bidrege som høyringsinstans fleire gonger. Vi har god kontakt og vil halde dei informert om planane våre, seier Ivar Fossum, administrerande direktør i Nordic Mining.

Foto: Bård Siem / NRK

Nordic Mining fekk driftskonsesjon sommaren 2020, men vedtaket er påklaga og ligg no til endeleg vurdering i Næringsdepartementet.

Sist veke gav Sunnfjord kommunestyre likevel løyve til at førebuingsarbeid til gruvedrifta kan starte.