Hopp til innhold

Situasjonen i Jølster er framleis uavklart

Politiet har framleis ikkje fullstendig oversikt etter det veldige uvêret som råka Jølster tysdag ettermiddag. 10 personar er ikkje gjort greie for i rasområdet.

Raset kløyvde byggefelt og vegar i to.
Videoar frå augevitne

Raset kløyvde byggefelt og vegar i to. Videoar frå augevitne

Onsdag føremiddag er det framleis 10 personar som ikkje er gjort greie for i rasområdet i Jølster grunna manglande telefondekning. Politiet veit framleis ikkje om nokon vart tekne av raset som gjekk på sørsida av Jølstravatnet i går kveld.

– Vi må no inn med geologar for å få starta eit nytt søk, og bekrefte eller avkrefte om det er ein bil og eventuelt personar som er tekne av det raset, seier regionlensmann i Sunnfjord Dag Fiske til NRK rundt klokka 12.

Ifølgje Fiske har dei no fått ut dei som sat faste mellom rasa.

– Det første døgnet her har vore veldig uoversiktleg, men så vidt vi har kjennskap til skal det ikkje vere nokon som sit faste.

Redningshelikopteret har sett øydeleggingane frå lufta ovanfor Jølster.

Redningshelikopteret har sett øydeleggingane frå lufta ovanfor Jølster.

– Ikkje oversikt

– Situasjonen i området er framleis ikkje avklart. Det har gått ei rekkje ras, men vi har ikkje heilt oversikt over kor mange ras og kor mange som er råka. Per no har vi ikkje fått melding om skadde personar, men det er ein god del skadar på infrastruktur, seier operasjonsleiar Stein Rune Halleraker i Vest politidistrikt til NRK litt før klokka 6 onsdag morgon.

På fylkesveg 451 på sørsida av Jølstravatnet vart det meldt at ein bil vart teken av eit ras, og ein person vart observert i vatnet. Politiet har førebels ikkje fått stadfesta dette.

– Vi har hatt søk rundt rasområdet med luftambulanse og redningshelikopter, og det har òg vore folk ute i båtar, men vi har ingen indikasjon utifrå dei søka på at det skal vere nokon bilar eller menneske der.

Halleraker fortel at politiet likevel jobbar utifrå at nokon er tekne av raset, og dei vil starte med å finne ut meir om dette når det vert lyst. Det har ikkje kome konkrete meldingar om at nokon skal vere sakna i samband med raset.

– Vi har fått ein god del telefonar frå folk som ikkje får tak i familie og vennar, men det kjem sannsynlegvis av at telenettet er nede i området. Alt er veldig uklart fordi vi ikkje får tak i folk.

Ras Jølster 4

Jordras og flaum i Sunnfjord

Foto: Linda Olin Reite / NRK
Store nedbørsmengder har ført til jordras og flaum i Sunnfjord. Fleire ras har gått over E39, og vegen er stengd.

Har overnatta i bilar

Politiet har førebels ikkje oversikt over alle dei evakuerte etter uvêret.

– På dei stadane der politiet har etablert evakuering lagast det lister over dei evakuerte. Utfordringa er at det er mange som har evakuert seg sjølv, og det er mange som har overnatta i bilane sine fordi dei står faste mellom to ras. Desse har vi ikkje oversikt over.

– Kva vert gjort for å evakuere dei som står faste mellom rasa?

– Først og fremst må vi kome i kontakt med geologar som kan ta ei vurdering av områda der rasa har gått for å høyre om det er trygt å gå inn i området. Så snart det er trygt vil vi byrje å rydde vegen og hente ut dei som eventuelt framleis er der.

Ifølgje Halleraker har det vore ein geolog i området sidan i går, og fleire er på veg. Når dei vil vere på plass og setje i gang arbeidet er usikkert.

Fleire stengde vegar

Tore Tysse frå Vegtrafikksentralen fortel at fleire vegar framleis er stengde onsdag morgon. E39 mellom Førde og Skei er ein av desse.

– Her er det omkøyring via rv. 5 i Sogndalsdalen, fylkesveg 55 via ferjesambandet Dragsvik-Hella og vidare til Vadheim før ein kan køyre nordover på E39.

I tillegg er fv. 451, fv. 13 ved Holsen skule, fv. 691 ved Tverrelva bru stengde grunna ras. Fv. 615 er stengd ved Skarpsvoratunnelen grunna flaum.

11:40 onsdag opplyser Vegvesenet i ei pressemelding at opprydding på dei flaumråka vegane vil byrje så snart det er trygt.

– Oppryddingsarbeidet er så vidt kome i gang, så det er alt for tidleg å sei noko om når dei flaumskadde vegane i Sogn og Fjordane kan opne. Informasjon om dette vil me kome tilbake med ut over dagen, seier prosjektleiar for drift Lars Erik Karlsen i pressemeldinga.

FLEIRE RAS I FYLKET: Desse stadane har det gått ras som sperrar vegen.