Hopp til innhold

Straumen forsvann med eit smell i Høyanger

Straumen var vekke i Høyanger og på aluminiumsverket til Hydro i overkant av ein time måndag ettermiddag.

Hydro - verksporten i Høyanger

UTAN STRAUM: Hydro i Høyanger.

Foto: Kjell Arvid Stølen / NRK

– Straumen var vekke ein times tid og no er den tilbake. Våre folk byrja då å få anlegget opp å gå igjen og vi er no på veg mot full produksjon igjen, informasjonsdirektør Halvor Molland i Hydro, like etter klokka 18.30 måndag kveld.

Straumbrotet vart meldt ved 17-tida og då sa Molland dette.

– Vi har no vore utan straum ved verket metallverket i Høyanger i snart ein halv time.

Vitne i Høyanger fortel til NRK at dei har høyrt ein kraftig smell og sett røyk i samband med straumbrotet. Også private bustadar har fått straumbrot.

Straumbrot Hydro

KRAFTIG RØYK: Vitne i Høyanger fortel om røyk og ein kraftig smell i samband med straumbrotet.

Foto: nrk.no-tipsar

Straumbrot er kritisk for aluminiumsverka som er avhengige av straum for at ikkje aluminiumen skal størkne i omnane. Men Molland seier straumbrot på ein times tid er godt innanfor det som går greitt.

I 2016 fekk Hydro i Årdal store skader på omnane, etter at straumen var vekke for lenge.

Også natt til måndag var straumen vekke ein periode ved verket i Høyanger, det stadfestar fabrikksjef Stian Moe Tangen til NRK.

– Vi veit ikkje kva årsaka var, men saman med nettleverandøren skal vi gå saman for å sjå på korleis vi kan få ein meir stabil straumtilgang, seier Molland.

Halvor Molland

STRAUMBROT: Halvor Molland er informasjonsdirektør i Hydro.

Foto: Nina L. Dauge / NRK

–Aluminiumsproduksjonen går døgnet rundt, og eit ikkje planlagt straumbrot slik som vi hadde i Høyanger er noko vi ikkje ynskjer å ha, legg han til.

– Kor lenge kan de vere utan straum før det byrjar å verte kritisk for verket?

– Det kan variere noko, når vi sjølve koplar ut straumen for planlagt vedlikehald, så gjer vi det i inn til ein time, seier Molland.