Hopp til innhold

Siste storsøk etter sakna familiefar avslutta

Over 70 personar og 27 båtar var med under det siste organiserte søket i Dalsfjorden laurdag ettermiddag. Trebarnsfaren Bjørn Ove Steig er framleis ikkje funne.

Idag vart det siste organiserte søket i dalsfjorden avslutta

SISTE SØK: Laurdag vart det gjennomført eit siste storsøk i Dalsfjorden. Kva som skjer vidare er uvisst.

Foto: STEINAR BAUGE

– Det har vore heilt overveldande kor mange som har stilt opp. Det finst ikkje ord for kor mykje me set pris på det, seier talsmann for familien Arne Inge Synnevåg.

Det siste organiserte søket vart gjennomført laurdag, utan hell.

Frivillige frå alle kantar

Svært mange frivillige stilte laurdag opp i det som foreløpig ser ut til å vere det siste storsøket i Dalsfjorden etter den sakna familiefaren Bjørn Ove Steig. I alt var over 70 personar med på søket, og 27 båtar var på vatnet.

Svært mange deltok i dagens leiteaksjon

STORAKSJON: Svært mange deltok i den siste organiserte leiteaksjonen på Dalsfjorden, Laurdag.

Foto: STEINAR BAUGE

– Me har søkt gjennom heile Dalsfjorden. Det er snakk om over eit par mil i linje. Dessverre har det ikkje vore noko funn, seier Synnevåg.

Saman med frivillige frå Fjaler, Leikanger og andre plassar i landet har han i vekevis søkt etter den sakna familiefaren som er antatt omkommen. Synnevåg er rørt over alle som har stilt opp undervegs.

– Eg vil takke kvar bidige og ein som har stilt opp. Mange av dei som stilte i dag har jo vore med og hjelpt oss gjennom desse dryge tre vekene. Det har vore ein heilt utruleg innsats, seier han.

Arne Inge Synnevåg leitar etter svogeren sin

TAKKNEMLEG: Arne Inge Synnevåg er saman med resten av familien djupt bevega over alle som har stilt opp i leiteaksjonen i Dalsfjorden dei siste vekene.

Foto: Ola Weel Skram / NRK

Vemodig

Innsatsleiar Eivind Antonisen i Fjaler brannvesen har vore tett på både næraste familie og dei frivillige som har delteke i leiteaksjonen på Dalsfjorden. Etter tre intense veker med søk tykkjer han det er leit å tenkje på at den organiserte biten er over, utan resultat.

– Det er vemodig at me ikkje gjorde noko funn med tanke på kor stort arbeid som har vorte lagt ned i søkeområda.

Innsatsleiar Eivind Antonisen

TRIST: Innsatsleiar Eivind Antonisen er skuffa over at dei ikkje klarte å gjere noko funn under vekene med organisert søking etter den sakna.

Foto: Ola Weel Skram / NRK

Sjølv har Antonisen delteke dei to første vekene som innsatsleiar, og den siste veka har han stilt opp som frivillig. Han fortel at sjølv om dagane har hopa seg opp, så har ikkje håpet forsvunne.

– Heilt frå dag ein så har eg starta kvar dag med å tenkje at i dag finn me han. Det har ikkje vorte verken svakare eller sterkare gjennom heile perioden. Det har berre vore sånn. Alle som har vore med i desse søka og stilt opp tenkjer det same, om at me finn han, seier Antonisen.

Gir ikkje opp

Trass i at dei organiserte søka er over, trur han at mange kjem til å halde fram med å søke vidare.

– Eg har fått mange meldingar og telefonar frå folk som seier dei ønskjer å fortsette med søk, sjølv om det er uorganisert.

Innsatsleiaren trur samstundes at mange kan ha godt av ein liten pause inntil vidare.

– Eg trur fleire har godt av ein pust i bakken no, før me startar opp att til veka. Akkurat no er det tungt, men me gir oss ikkje. Eg er sikker på at det vert søkt mange timar til i Dalsfjorden framover, seier han.

Båt leitar etter den sakna på fjorden

IKKJE OVER: Søket i Dalsfjorden ser ut til å halde fram i dei kommande vekene i ein meir uorganisert form.

Foto: STEINAR BAUGE