Hopp til innhold

Siste runde i serien

Etter dagens kampar er det klart at Førde vann 3. divisjon i Sogn og Fjordane, og skal spele kvalik mot Birkebeineren frå Buskerud.

Førde vann 0 - 2 borte mot Høyang. Tornado Måløy, som hadde same poengsum som Førde før dagens omgang, tapte sin kamp 5 - 3 borte mot Årdal.

Les også Trenarane er prega av alvoret

Kaupanger ligg på direkte nedrykksplass, medan det var Vik som hamna på den usikre nest sisteplassen etter poengdeling med Fjøra. Dei er no avhengig av at Førde skal vinne kvaliken for å bli verande i tredje divisjon. Florø unngjekk nedrykk ved å vinne 2 - 5 borte mot Kaupanger.

Høyang- Førde, 0 - 2

Førde må vinne denne kampen for å spele kvalik til 2. divisjon. Ved pause stod det 0 - 0 på Sletta. Førde har hatt fleire sjansar, og Høyang slepp ikkje til. Førde hadde eit mål etter 38 minutt ved Thor Erik Nygård, men det vart annullert på grunn av offside. Høyang hadde ein stor sjanse rett før pause, men klarte ikkje å nytte seg av han. Pauseresultatet er 0 - 0.

Førde skapte dei fleste sjansane i andre omgang, og Steinar Tenden og Kim Tangedal markerer seg. Det er også dei som scorar sigersmåla for Førde etter 75 og 88 minutt.

Eid - Sogndal2, 3 - 0

Det stod lenge 0 - 0 på Eid stadion, men rett før pause scora Kristoffer Hafsås for heimelaget. Det vart det 19. målet for spelaren denne sesongen. Det har vore eit jamt spel i første omgang, men Sogndal2 hadde eit lite overtak. 1 - 0 ved pause.

I andre omgang hadde Eid full kontroll, og slepte ikkje Sogndal2 til i det heile. Sognelaget hadde ingen målsjansar. Christoffer Hafsås vart den store målscoraren denne kampen, og scora hat-trick. Andre målet kom etter 74 minutt, og det tredje målet etter 80 minutt.

Kaupanger - Florø, 2 - 5

Første halvparten av omgangen var jamspelt, men Florø har hatt dei fleste sjansane. Etter 17 minutt scorar Fredrik Ausnes for Florø, og om lag eit kvarter seinare scorar Sigurd Hjorthol andre målet for Florø. På slutten av første omgang fekk Kaupanger raudt kort, og måtte spele med 10 mann på bana resten av kampen. Stillinga var 0 - 2 ved pause.

Florø vann fortent på bortebane i dag, og unngår å hamne på den usikre nest siste plassen på tabellen. Etter 61 minutt aukar Florø leiinga til 0 - 3 ved Christer Husa. Etter 69 minutt er forspranget 0 - 4 ved Lasse Orheim Pedersen. Etter 73 minutt reduserer Ole Einar Rebni for heimelaget, og etter 90 minutt reduserer han ein gong til. På overtid aukar Florø forspranget att med eit mål av Håvard Berge.

Stryn - Jølster, 5 - 0

Første omgang var det stillingskrig på Stryn stadion. Stryn scora første mål etter fem minutt ved Jon Terje Tjellaug, og hadde spelet det første kvarteret. Sidan jamna det seg ut. 1 - 0 ved pause.

Etter pause var Stryn klart best og auka og auka forspranget sitt. Etter 61 og 64 minutt scora Petur Kristjansson for heimelaget. Etter 75 minutt var det Jan Marius Brekke sin tur, før Petur slepte til igjen og scora tredje målet sitt for Stryn.

Vik - Fjøra, 1 - 1

Også på Vik Stadion var det stillingskrig i første omgang. Etter 3 minutt får Ole Morten Kvam nettkjenning for Fjøra. Han scorar på retur frå eit langt innkast.

Etter pauseresultat på 0 - 1, og ein forsvarsstabbe av keeper til Fjøra, utliknar Vik etter 69 minutt ved Evrad Irakoze.

ed poengdeling for Vik, og siger for Florø, Ligg Vik no på den usikre nest sisteplassen på tabellen. No er det opp til Førde å vinne kvaliken sin for at Vik ikkje skal rykke ned til 4. divisjon.

Årdal - Tornado Måløy, 5 - 3

Første omgang var jamn på Jotun stadion, og begge lag har hatt mange halvsjansar. Men Årdal har klart å utnytte sjansane sine mest med to mål. Første målet i kampen gjekk til Årdal ved Ole Gunnar Hunderi etter 10 minutt. Åtte minutt seinare utliknar Joachim Raknes Forthun for Tornado Måløy. Rett før pause etter 43 minutt går Årdal opp i leiinga att med eit mål av Christian Stedje. Spelarane går til pause med resultatet 2 - 1.

Tidlig i andre omgang rykker Årdal i frå med eit mål av Christian Stedje. Ole Gunnar Hunderi scorar fjerde målet til Årdal før Preben Strypet etter 75 minutt sørgjer for at Årdal leier 5 - 1 over Tornado Måløy.

ordfjordlaget må vinne denne kampen for å kunne spele kvalik til 2. divisjon, men til trass for 2 mål på slutten av kampen, har dei ikkje ein sjanse. Kampen ender 5 - 3 til Årdal.

Den endelege tabellen

Førde, 50 poeng
Tornado Måløy, 47 poeng
Årdal, 45 poeng
Sogndal2, 44 poeng
Stryn, 40 poeng
Høyang, 38 poeng
Eid, 25 poeng
Jølster, 23 poeng
Fjøra, 22 poeng
Florø, 21 poeng
Vik, 18 poeng
Kaupanger, 12 poeng