– Det er så trist at eg skulle hatt svart munnbind i dag, seier Torill Knutsen.
Ho vart ein av dei aller siste passasjerane.
Fredag klokka 14 tok det siste flyet av mot hovudstaden, og klokka 16.20 landa det siste flyet derifrå. Dermed er det slutt på ubestemt tid.
Passasjersvikt
Før koronakrisa hadde den vesle flyplassen midt mellom Bergen og Haugesund ei berekraftig flyrute med 15 rundturar til og frå Oslo i veka. Ruta hadde nærare 35.000 passasjerar pr. år. Men i 2020 reiste det knappe 12.500 passasjerar.
TRIST: Ein av dei siste passasjerane før flyplassen stengde, var Torill Knutsen.
Foto: Eli Bjelland / NRKI fjor var flyplassen koronastengd i fleire månadar, men i august landa det første flyet att, og vart møtt med jubel og vasskanonar.
Jubelen stilna likevel, for passasjertala blei verande låge.
Kamp
I månadsvis har næringslivet og politikarar, både lokalt og på Stortinget, kjempa for å få ekstra støtte i koronakrisa, slik alle andre flyplassar i landet har fått. Utan å lukkast.
No har flyselskapet DAT (Danish Air Transport) innstilt flyplassens einaste rute, og 18 av dei 21 tilsette på flyplassen blir permitterte frå 1. februar.
Det kan bety slutten for Stord Lufthamn Sørstokken.
– Det er sjølvsagt litt vemodig at det no blir stopp igjen. Dei tilsette er lei seg og deppa.
Det seier flyplassjef Jan Morten Myklebust.
TOMT: – Vemodig, seier flyplassjef Jan Morten Myklebust etter at siste fly har gått.
Foto: Eli Bjelland / NRKInga støtte
Lufthamna fekk 22 millionar kroner i driftstilskot i fjor, men i motsetnad til alle andre koronaråka flyplassar, får Stord ikkje ekstra pengestøtte.
Lokal- og fylkespolitikar Sigbjørn Framnes i Framstegspartiet har framleis eit håp.
– Likebehandling er eit viktig prinsipp. Regjeringa må prioritere Stord lufthamn slik dei gjer med andre lufthamner. Viss ikkje me får det til, får me gjera eit forsøk i lag med Arbeidarpartiet og Senterpartiet.
– Ikkje samfunnskritisk
I slutten av månaden kjem regjeringa med ei ny krisepakke. I tillegg er det venta ein proposisjon til Stortinget om luftfarten.
SISTE UTKALLING: Passasjerane spring ut for å bli med den siste flyginga før Stord lufthamn fredag vart stengd.
Foto: Eli Bjelland / NRKMen Samferdsledepartementet har sagt klart frå at det ikkje vil gi Oslo-ruta støtte.
– Ruta Stord-Oslo er ikkje definert som ei samfunnskritisk rute, fordi transportbehovet blir dekka via Haugesund lufthamn, sa statssekretær Anders Tryvann til NRK for to veker sidan.
Dette blei gjenteke av statsråd Knut Arild Hareide (KrF) denne veka.
– Veldig viktig
– Men det tek rundt ein time og 20 minutt å køyra til Haugesund lufthamn på Karmøy. For tilsette som pendlar er det for langt.
Det seier leiar i Stord Næringsråd, Anne Grete Sandtorv.
– Flyplassen er veldig viktig for næringslivet i regionen vår. Den bidrar til at me er meir mobile og fleksible, og er ein viktig del av konkurransekrafta i industrien vår.
HÅP: Magne Rommetveit (Ap) vinkar siste avgang av garde, men meiner regjeringa må gi krisehjelp for å redda Stord lufthamn.
Foto: Eli Bjelland / NRKOgså flyplassen på Ørland i Trøndelag var truga av innstilte flygingar på Oslo-ruta si, men har no fått støtte. Ruta held fram på eit minimumsnivå etter ein avtale mellom flyselskapet og Forsvaret, ifølgje ordførar Tom Myrvold.
Verdiskaping
På Stord håpar dei også på redning. Næringslivet i regionen bør telja som samfunnskritisk, meiner både Framnes i Frp og Magne Rommetveit i Ap.
– Me står for ein stor del av verdiskapinga på Vestlandet. Det skulle berre mangla at ikkje regjeringa og Stortinget satsar på stader der ein skapar verdiane.
BORTE: Ingen veit om eller kva tid det kjem fly i rute på Stord lufthamn igjen.
Foto: Eli Bjelland / NRK– Men me håpar og trur at det ikkje er så lenge før Oslo-ruta er oppe og går igjen, seier Myklebust.