Nær 200 mister jobben: – Trist å måtte gå

WesternGeco legg ned drifta ved fabrikken i Knarvik. Fredag var siste arbeidsdag for nær 200 tilsette.

Marianne Eide med kollega

GODT ARBEIDSMILJØ: Marianne Eide får ein klem av ein kollega i WesternGeco. Fredag 29. august var siste arbeidsdag for dei tilsette på fabrikken i Knarvik.

Foto: Jørgen Eide / NRK

– Denne dagen er sjølvsagt lei, det er jo trist å måtte gå frå ein arbeidsplass, men samtidig har me mange gode minne herifrå. Arbeidsmiljøet har vore utruleg bra, seier Per Ole Eide.

Han starta i WesternGeco i april 1988, og har hovudsakleg jobba i produksjon og reparasjon i dei 26 åra han har vore tilsett i bedrifta.

Fredag var siste arbeidsdagen for han, og dei nær 200 tilsette ved WesternGeco i Knarvik.

WesternGeco er verdas største seismikkselskap, og er eit heileigd dotterselskap av det internasjonale oljeserviceselskapet Schlumberger. Totalt har selskapet rundt 700 tilsette i Norge.

SJA VIDEO:

Marianne og Per Ole Eide synst det er tungt å forlate fabrikken i Knarvik.

SJÅ VIDEO: Marianne og Per Ole Eide tykkjer det er tungt å forlate arbeidsplassen på fabrikken i Knarvik.

– Føler litt bitterheit

Årsaka til nedlegginga er det høge kostnadsnivået i Norge, kombinert med at det er mindre investeringar i leiteaktivitet i olje- og gassindustrien.

Kona til Per Ole, Marianne Eide har også jobba i WesternGeco. Ho seier det er tungt å forlate arbeidsplassen.

– Stemninga er litt opp og ned. Det er som ein stor familie som på ein måte går i oppløysing her. Det å ikkje få treffe dei du jobbar med dagleg er det som er det tyngste med å forlate bedrifta, seier ho.

At det kom til å komme ein nedbemanning er noko Marianne Eide hadde venta, men at heile fabrikken skulle leggast ned var ho ikkje førebudd på.

– Beskjeden om at dei flyttar heile sulamitten, det trur eg har vore litt tungt for dei fleste. Når du har vore her såpass lenge, så føler ein at ein har kompetanse som ein ikkje kan opparbeide seg i løpet av eit år, seier ho.

– Me føler litt bitterheit, og me lurer på om dei eigentleg veit kva dei gjer, legg ho til.

– Såg ikkje dette komme

Dei nesten 200 tilsette som mistar jobben på WesternGeco i Knarvik har fått tilbod om å søkje jobb i andre avdelingar i selskapet. Alternativa har vore jobb i Asker, eller i Malaysia.

– Eg forstår situasjonen for den oljerelaterte bransjen er tung, og at konsernet vel å flagge ut må eg berre stelle meg til, seier Per Ole Eide.

– Me hadde trudd me kom til å få ein kraftig redusering, men me trudde me kom til å bestå som avdeling. Me såg ikkje dette komme, seier han.