Hopp til innhold

Sirkusartisten Marius (29) datt sju meter rett ned: Eg kjenner meg litt som RoboCop no

Sirkusartisten Marius Gagiu slapp unna med skrekken og ankelbrot då han datt sju meter rett ned under ei sirkusframsyning fredag.

Jan Ketil Smørdal og Marius Gagiu

BLOMAR PÅ SENGA: Rumenske Marius Gagiu fekk trøyst og blomar frå sjefen, Jan Ketil Smørdal.

Foto: Olav Skjegstad / Romsdals Budstikke

– Vi er som ein stor familie. Dette er det verste ein sirkusdirektør kan oppleve. Eg takkar Gud for at det trass alt gjekk så bra som det kunne, seier sjef for Cirkus Agora, Jan Ketil Smørdal.

Midt under framsyninga i Molde fredag kveld gjekk det brått gale for den rumenske artisten og det gjekk eit støkk gjennom publikum då han datt ned frå toppen av ei stong.

Vil tilbake i manesjen

– The show must go on. Eg håpar å vere tilbake i manesjen om to månader, seier Marius til Romsdals Budstikke.

Kraftig forslått og med brot i venstre ankel blir det no opptrening på den erfarne akrobaten. Til avisa seier han at han nett no kjenner seg som filmhelten RoboCop.

Ein i publikum fekk sårskadar i hovudet då ulukka skjedde, men sirkusdirektøren fortel at han kom på framsyninga laurdag og fekk blomar.

– Han, som vi, vare berre glade for at alt hadde gått såpass bra, seier Smørdal søndag.

Ventar på erstattar

Laurdag varsla Arbeidstilsynet at dei vil følgje opp saka med tilsyn og dei skal vurdere om det må gjerast tiltak for å hindre fleire ulukker.

Men sirkusdirektøren frå Nordfjordeid er overtydd om at det kjem til å gå bra.

– Dei har gjort jobben sin her så langt. Om det er ting som må gjerast annleis med omsyn til tryggleik, så er det klart at vi følgjer opp det, seier sirkusdirektøren.

No ventar han på at det skal kome ein erstattar for den uheldige rumenaren.

– Vi hadde fullt hus laurdag kveld. Vi held fram med turneen. Eg har ein fantastisk stab og må berre rose leiarane mine, som har stått saman og gjort ein strålande jobb, seier Smørdal.

Nødetatene ved Cirkus Agora etter fallulykke

FULL UTRYKNING: Ulukka skjedde under ei av framsyningane i Molde fredag kveld.

Foto: Roar Strøm / NRK