Hopp til innhold

Sinne og glede over miljøtiltak som rammar kraftproduksjonen

Regjeringa vil ha meir vatn i norske elvar. Det går ut over kraftproduksjonen.

Kirsti Fagerslett.

«UMUSIKALSK»: Regjeringa reknar at auka vassføring i 144 elvestrekningar vil koste 1,7 terawattimar i kraftproduksjon. – Heng ikkje på greip i ei tid med anstrengd kraftsituasjon, seier Frp.

Foto: Christine Fagerbakke / NRK

CO₂ i atmosfæren
425,4 ppm
1,5-gradersmålet
+1,13 °C
Les mer  om klima

Medan straumprisane framleis er høge og kraftprodusentane er under sterkt press, la klima- og miljøminister Espen Barth Eide denne veka fram ein «ny og ambisiøs» vassforvaltningsplan.

Blant 12.000 tiltak (!) i norske elvar, innsjøar og kystvatn er strengare krav til vassføring i 144 elvestrekningar (sjå kart under).

I alt reknar regjeringa med at tiltaket kan koste 1,7 gigawattimar i kraftproduksjon.

Det svarer til straumbruken til meir enn 100.000 husstandar.

– Det vil gå noko utover kraftproduksjonen, men regjeringa meiner vi har funne rett balanse mellom omsynet til kraftproduksjon og betre ivaretaking av viktige miljøverdiar, seier Klima- og miljøminister Espen Barth Eide (Ap).

Regjeringa seier til NRK at dei må kome tilbake til akkurat kva kraftprodusentar som blir omfatta av dei nye krava.

Lite vannføring i aura.

Energipolitisk talsperson i Frp, Marius Arion Nilsen, meiner strengare krav til vassføring røper at regjeringa «ikkje har forstått omfanget av straumpriskrisa».

Foto: Christine Fagerbakke / NRK

Dette er svært umusikalsk

Direktør i Energi Noreg, Eivind Heløe, er uroa for korleis planane slår ut for deira medlemmer og moglegheita til å levere balansekraft.

Han seier dei har etterlyst «ei nærare vurdering av dette» og at staten «må vere varsam med å innføre tiltak som reduserer kraftproduksjonen i ei tid med høge kraftprisar og redusert kraftoverskot.»

Primært bør vi gjere tiltak som ikkje går negativt utover kraftproduksjonen, til dømes fiskepassasjer. Samtidig ser vi at det nokon stader er behov for meir vatn dersom miljøforholda skal betrast, seier han.

Energipolitisk talsperson i Frp, Marius Arion Nilsen, meiner strengare krav til vassføring røper at regjeringa «ikkje har forstått omfanget av straumpriskrisa».

I ei tid der ressursane burde ha vorte sett inn på tiltak som styrkjer kraftproduksjonen, lanserer regjeringa politikk som fører til det stikk motsette. Dette er svært umusikalsk, seier han.

Ifølgje departementet viser erfaringar frå revisjonssaker på at det reelle krafttapet blir lågare enn det som er skissert. I eit normalår produserer norske vasskraftverk rundt 140 terawattimar elektrisk energi.

Sideelv Aura

– Å ofre miljøet for å tilfredsstille det enorme kraftforbruket vårt er ikkje lenger gangbar politikk, seier Lars Haltbrekken (SV).

Foto: Christine Fagerbakke

Å ofre miljøet er ikkje lenger gangbar politikk

Når ein konsesjon er 30 år gamal, kan miljøorganisasjonar og kraftkommunar ta initiativ til at konsesjonen blir sett på med nye auge.

Noregs vassdrags- og energidirektorat (NVE) skriv i ein rapport at konsekvensen av desse «vilkårsrevisjonane» kan bli at produksjonen går ned med 4 terawattimar.

Å ofre miljøet for å tilfredsstille det enorme kraftforbruket vårt er ikkje lenger gangbar politikk, seier Birgit Oline Kjerstad(SV).

Ho gler seg over at regjeringa «endeleg tek tak i problemet».

Vi har sett gode lakseelvar blitt øydelagt av kraftreguleringar som ikkje har teke nok omsyn. Meir effektkøyring av anlegga har auka problemet, så det er på høg tid å få på plass strengare regelverk, seier ho.

NRK har tidlegare skrive om lagnaden til 87 laksevassdrag.

Bjerka, Nordland

Bjerka, Nordland

«Elva var rik av laks og sjøørret. Fiskebestanden er i en kritisk fase. Vi har ikke nok vann til å sikre en levedyktig bestand.» (Bjerka bygdefeskarlag)

Heddøla, Vestfold og Telemark.

Heddøla, Vestfold og Telemark

«Vannføringen er uforutsigbar og lite egnet for innsig av gytelaks. Vi har dokumentert fiskedød. Det er nødvendig med minstevannføring og tiltak for å sikre levedyktig bestand av laks og ørret» (Fiskeutvalget, Notodden JFF)

Lundesokna, Trøndelag

Lundesokna, Trøndelag

«Det høstbare overskuddet av laks er kraftig redusert. Lundesokna er sterkt påvirket av effektkjøring. Både minstevannføring og krav til myke overganger er fraværende.»(Gaula fiskeforvaltning)

Simadalselva i Eidsfjordvassdraget

Eidfjordvassdraget, Vestland

«Eidfjordvassdraget har særlig stor verdi som laksevassdrag med sin bestand av storlaks. Situasjonen for laksen har vært kritisk i mange år, vannkraft er vurdert som avgjørende.» (FNF Hordaland)

Daleelva på Vestlandet.

Daleelva, Vestland

«Daleelva er sterkt regulert og det blir gjennomført effektkjøring. Det fører til brå endringer i vannføringen, tørrlegging og stranding av laksyngel, gytegroper og gytefisk om høsten.» (Fagrådet Daleelva)

Regjeringa kunne tredd endå hardare til

Generalsekretær i miljøorganisasjonen Sabima, Christian Steel, meiner regjeringa «kunne tredd endå hardare til», men presiserer at dei gler seg over at regjeringa «ikkje skyv energikrisa framfor seg, men prioriterer arbeidet med å restaurere norsk natur».

Det er openbert at miljøforholda i ei rekkje av våre mest brutalt regulerte vassdrag må forbetrast, og veldig bra at regjeringa set fart på dette viktige arbeidet, seier leiar i Naturvernforbundet, Truls Gulowsen.

Ola Elvestuen (V) seiar energitapet bør bli kompensert av auka satsing på solenergi, fjernvarme, havvind og energieffektivisering.

Vi skal ikkje berre løyse klimakrisa, men også stanse tapet av natur. Derfor er dette eit rett grep å ta. Auka vassføring er viktig for å betre miljøforholda i mange vassdrag, mellom anna fordi det sikrar meir liv i elvane.