Hopp til innhold

Sinne og glede etter nye vindkraft-planar

Tre år etter at Stortinget trykka på pauseknappen, skal utbygginga av vindkraft på land starte opp att. Det får blanda respons.

Vindkraft i Roan

NOK PAUSE: Regjeringa vil starte opp att konsesjonsbehandlinga på vindkraft på land, etter at Stortinget trykka på pauseknappen i 2019.

Foto: Linda Bjørgan / NRK

Dette er ein hån, ein provokasjon og ei krigserklæring, seier Stein Malkenes.

Den tidlegare leiaren i Naturvernforbundet er i dag leiar i Motvind Noreg.

Fredag føremiddag la Olje- og energiminister Terje Aasland (Ap) fram ei tilleggsmelding til energimeldinga som Solberg-regjeringa la fram i fjor.

Regjeringa seier i meldinga at NVE skal ta opp att konsesjonsbehandlinga på vindkraft på land, etter at Stortinget trykka på pauseknappen i 2019.

– Vi gjer det ikkje mot kommunane sin vilje, men med kommunane sin vilje, sa Aaland.

Statsminister Jonas Gahr Støre (Ap) signaliserte det same 8. mars.

Han erkjente at forslaget er omstridt og at «det vart gjort mange feil i den første fasen», men meiner det er politisk mogeleg gitt «grundigare prosessar» og større lokal medverknad.

– Eg vel å tru at eit langstrekt land som Noreg har nok natur til at vi kan gjere dette på ein skånsam måte, sa han til NRK.

Olje og strøm

NYE SIGNAL: Fredag føremiddag la Olje- og energiminister Terje Aasland (Ap) fram ei tilleggsmelding til energimeldinga som Solberg-regjeringa la fram i fjor. Her saman med Sp-leiar Trygve Slagsvold Vedum.

Foto: Lise Åserud / NTB

– Dette presser fattige kommunar

NVE skal ta opp att konsesjonsbehandlinga sjølv om den nye plan- og bygningslova framleis ikkje er klar.

I dag vert vindkraftsaker handsama etter energilova, som gjer at staten har siste ord. Eit fleirtal i Stortinget har bestemt at framtidige vindkraftverk vert regulert etter plan- og bygningslova.

Nestleiar i energi- og miljøkomiteen på Stortinget, Sofie Marhaug (R) seier regjeringa med dette «går til krig mot folk og naturen».

– Dette pressar fattige kommunar til å akseptere natur-rasering, seier ho til NRK.

Finansminister Jan Tore Sanner (H) innførte i fjor ei avgift på landbasert vindkraft på 1 øre per kWh. Avgifta er rekna til å gi 165 millionar kroner i året, og vil tre i kraft på eit tidspunkt som departementet vil fastsette seinare – etter EØS-rettslege avklaringar.

Avgifta kom etter rop frå kraftbransjen og kommunesektoren om at vindkraftkommunar må kompenserast betre.

Statsbudsjettet 2021 Sanner

VINDKRAFT-AVGIFT: Jan Tore Sanner (H) foreslo i fjor ei avgift på landbasert vindkraft på 1 øre per kWh.

Foto: Cicilie Andersen / Cicilie Andersen

Eg er litt avventande

Blant ordførarar i kommuner der debatten har gått som høgast, er responsen på dei nye signala blanda:

Ola Teigen (Ap), Kinn kommune

Det er positivt at kommunane får bestemme. Så hastar det å få meir kraft på plass og der må offshore vind vere førsteprioritet. Lokalt meiner vi at Hywind Tampen-området må satsast på i langt større skala enn dei 11 turbinane som blir plassert ut i år.

Gunnar Silden (V), Stad kommune

Om vi får eit utvida kunnskap om fordeler og ulemper på miljø og busetnad pluss at det ikkje skaper stor motstand i dei kommunane som har eigna område, så er vindkraft ein ressurs som vi ikkje må avskrive. Kanskje vi skulle hatt eit statleg vindselskap på same måte som Statoil i si tid tok kontroll over oljen. Då kan stat og kommune ha kontroll på utbygging og inntekter.

Ole Andre Klausen (H), Askvoll kommune

Eg er litt avventande. Eg ser at kommunane har fått meir dei skulle sagt, men eg trur framleis at vind på land blir vanskeleg å få til gode prosessar på. Det har vore ein enorm endring i opinionen om vindkraft, og om ein klarer å snu dette trass i rekordhøg straumpris er ikkje lett.

NRK forklarer

Hvorfor er det så mye bråk om vindkraft?

Norge trenger mer fornybar energi i fremtiden. Vindkraft kan bidra til det. Men det tar plass.

29.000 km2 av landet er egnet, har norske myndigheter hevdet. Det er et område på størrelse med Belgia.

Vindturbinene kan strekke seg mer enn 200 meter oppover og lager en svisjende lyd.

De kan ta livet av planter og dyr og endre friluftslivet. Mange mener de er stygge.

Men de kan også redusere landets klimautslipp, gi inntekter og arbeidsplasser.

Nå skal mange anlegg snart stå ferdige. Når vindturbinene reises og blir synlige, vekker det reaksjoner. 

Det har ført til økt motstand og en nasjonal aksjonsgruppe. De vil ha et oppgjør i retten.

– Vi vil beskytte dyr, fugleliv og helsa til folk

Motvind arrangerer markering mot vindkraft på Øyfjellet i Nordland.

2020: Frå markering mot vindkraft på Øyfjellet i Nordland. Arrangert av Motvind.

Foto: Anders Boine Verstad / NRK

Uryddig å opne før energikommisjonen har konkludert

I organisasjonslivet vert det ropt høgare:

Helene Ødven, leiar i Bergen og Hordaland Turlag

Eg synest det er synd at ein tek opp og forhastar det som er det mest konfliktfylte vi har. Berre her i Vestland er det tre store saker som blir sett i gong, som er veldig konfliktfylte: Grønafjellet på Fitjar, Matrefjellet i Nordhordland og Høyangerfjellet.

Marino J. Ask, styreleiar i La Naturen Leve

Negative konsekvensar for naturmangfald, folk si helse, urfolk sine rettar, eigedomsverdiar og friluftsliv gjer at ulempene er klart større enn fordelane. Det ser ikkje ut til at regjeringa tek omsyn til dei omfattande kostnadane norsk vindkraftutbygging allereie har påført mange lokalsamfunn.

Jørund Nygård, Naturvernforbundet

Det er uryddig å opne for behandling utan at energikommisjonen har konkludert om vindkraft er naudsynt i Noreg. Vi ser at det som flest folk protesterer mot er naturtap og konsekvensar for dyreliv, og ein har enno ikkje komme med noko konkret om korleis desse skadeverknadane skal reduserast. Åtvaringa frå FN sitt naturpanel er tydelege. Strategien med at fattige kommunar skal lokkast med ekstra pengar til å seie ja til nedbygging av viktig natur er like baklengs inn i framtida som å betale ekstra for at CO₂-utsleppa skal aukast.