Hopp til innhold

Her er Silje - ho kom til verda på direkten i morgonsendinga til Silje Guddal

Midt under morgonsendinga med Silje Guddal som programleiar i NRK Sogn og Fjordane kom det eit søyelam til verda på Folven i Oppstryn. Og kva var då meir naturleg enn at det fekk namnet Silje?

Margaret Skåre og lammet Silje

KOM PÅ DIREKTEN: Margaret Skåre med Silje, som fekk fødselen sin skildra på direkten i radio.

Foto: Karl Kristian Langeland / NRK

Reporter Karl Kristian Langeland var send til Oppstryn for å lage innslag om lamminga på garden til Margaret Skåre og Ingolf Folven, og det vart full klaff. Ei søye var klar til å lamme då klokka hadde passert åtte.

Reporter Karl Kristian kunne fortelje at søya pusta og pesa og at Margaret hadde fått tak i nokre små klauver. Men det var slett ikkje noko lite lam ho skulle vere fødsleshjelp til.

– Dette er stort, det er eit enkelt lam, så vi har sett oppunder ein trilling frå i går, så får vi håpe det går bra.

For dei prøver å lure søyer med berre eitt eige lam til å ta til seg lam frå søyer som har kome med trillingar eller firlingar.

– Det er eigentleg enkelt, berre vi gir dei desse lamma før dei lammar sitt eige.

Og her kan du sjå fødselen til verelammet som fekk namnet Karl Kristian:

Created by InfoDispatcher

SJÅ VIDEO: Her blir lammet Karl Kristian fødd. Foto: Karl Kristian Langeland, NRK.

– Det må bli Silje

Og så kunne Karl Kristian rapportere, til akkompagnement av livleg breking frå lam og søyer at lammet kom til verda.

– Eit stort og fint lam. Der ristar det seg, og mora er kjapt nede og sleiker det. Det ser ut til å gå bra dette, Margaret?

– Ja, det ser bra ut. No er det viktig å få litt fostervatn på det andre lammet slik at ho ikkje avviser det. Det vart ei jente, så då kan det ikkje heite Karl Kristian.

– Då må det bli Silje?

– Då må det bli Silje, ja. Det passar bra. Vi har hatt ei Silje før.

Sau med nyfødde lam

KVILER UT: Mora og nyfødde Silje slappar av etter fødselen.

Foto: Karl Kristian Langeland / NRK

Rørt fadder

For på garden til Margaret og Ingolf får alle sauer og lam namn.

– Det starta då vi hadde åtte sauer, no har vi 85. Men det er viktig å ha namn på dei.

– Men hugsar du alle namna?

– Eg hugsar namnet eg ser nummeret.

Og i studio tok Silje Guddal gjerne på seg rolla som fadder.

– Eg vart nesten litt rørt, eg. Tenk på det, lamming på direkte radio, det synest eg er stas.

Silje Guddal

STOLT OG RØRT FADDER: Silje Guddal i studio vart rørt over å få lammefødsel direkte på sendinga.

Foto: Steinar Lote / NRK

– Vårens vakraste eventyr

Karl Kristian Langeland kallar det som skjer i sauefjøsen for vårens vakraste eventyr. Og få minutt etter lamminga kunne han fortelje at Silje vog 5,7 kilo.

Men i sauefjøsen er det og fleire flaskelam, og det er barnebarnet til Margaret og Ingolf, Caroline Folven Røyrvik, som denne dagen har ansvaret for å gje dei mjølk.

– Det er kjekt å få stelle med lamma.

Hennar favorittlam er av rasen suffolk.

Caroline Folven Røyrvik med lam

MED FAVORITTEN: Caroline Folven Røyrvik med sitt favorittlam, Tøffen, eitt lam av rasen suffolk.

Foto: Karl Kristian Langeland / NRK

Og bestemor Margaret set pris på at Caroline er med.

– Det er jammen godt. Ho har vore her sidan ho var heilt lita. Ho ser og får med seg det meste, og då er det greitt å ha henne her. Vi kan reise bort, for ho kan ta imot og greier det meste.

På garden i Oppstryn har dei til no fått 50 lam sidan forrige onsdag, det går i eitt. Framleis er det nesten 70 sauer som skal lamme. Først rundt 17. mai er dei ferdige. Men Margaret Skåre blir ikkje lei.

– Det er noko eg ser fram til kvart år, sjølv om det er travelt å vere oppe kvar natt. Det er noko heilt anna enn kjeinga til geitene, for dei greier det mykje betre sjølv. Det er mykje koselegare med sauene.

Carloline Folven Røyrvik og Margaret Skåre

GOD HJELPAR: Barnebarnet Caroline er til god hjelp for Margaret Skåre.

Foto: Karl Kristian Langeland / NRK