I fjor sommar var det godt håp om å unngå oppseiingar, men no innrømmer visekonserndirektør, Kenneth Tunes at nokre av dei tilsette må gå.
- Vi sa at det vi ville prøve utan oppseiingar, men at vi ikkje hadde garantiar for det, seier han.
Tre må gå
Truleg må tre av operatørane seiast opp. Ein av dei som kjenner seg utrygg er Ragnar Johnsen. Tidlegare tillitsvald for dei fjorten som jobba på Ulvesund-fabrikken. I fjor sommar kjempa han for framtida til dei sytten tilsette, og sa sjølv at han ikkje trudde det vart oppseiingar. Men i dag er han ikkje lenger trygg.
- Nei, det er eg ikkje. Kva som skjer er det vel ingen som veit, seier han.
Stengde fabrikken
Gamlefabrikken kunne ta imot 800 tonn fisk i døgnet og var hundre år i fjor, men det vart ikkje særleg til industrijubileum for tidlegare Ulvesund Fôrmelfabrikk. Leiinga i Welcom stengde fabrikken, for å spare millionar. Av dei sytten som jobba der, slutta tre frivillig og fem pensjonerte seg. To er leigde ut til fabrikken på Moltustranda. Ragnar Johnsen er ein av dei som no bur i brakker, vekke frå heimplassen Måløy.
- Gode utsikter
I neste omgang kan han vere ein av dei oppsagde. Mens Welcon satsar alt på Måløy Sildoljefabrikk i Degnepollen. Ifølgje visekonsernsjef Kenneth Tunes har den attverande fabrikken gode utsikter.
- Vi er optimistiske på vegne av Måløy Sildoljefabrikk sidan vi har ein veldig oppgradert fabrikk med gode råstoffutsikter, seier han.
Fleire er interesserte
Fabrikken ved Ulvesundet blir sakte men sikkert tømt for utstyr. Fleire industriaktørar har meldt interesse for den attraktive eigedomen, sentralt plassert langs skipsleia. Men så langt har ikkje interesse blitt til realitet.