Hopp til innhold

Silden melder seg ut av AP

Vågsøy-ordførar Roger B. Silden har fått nok og sa i dag frå om at han melder seg ut av Arbeidarpartiet. 

Beskjeden skal han ha kome på kommunestyret, skriv Fjordenes Tidende på nett.

Det er striden om lokalsjukehusa som lenge har gjort Silden rasande på sitt eige parti.

- Eg kan ikkje vere i eit parti som handlar i strid med sitt eige program, sine eigne veljarar og imot folket, sa Silden frå talarstolen.