Hopp til innhold

Sildebordet redda

Årets sildebord i Florø er redda, melder Firdaposten. Etter at Pelagia stengde sildefabrikken i Gunhildvågen i fjor, var det lenge uvisst om ein ville klare å arrangere ei 26. utgåve av sildefesten. Arild Melvær i sildekomiteen seier til avisa at dei har fått ein avtale med EWOS, og får sild levert frå Pelagia i Kalvåg.