Hopp til innhold

Sikta for serieovergrep – tok kontakt med mindreårige dagen han slapp ut av fengsel

Politiet mistenker den unge mannen frå Sogn og Fjordane for fleire nettovergrep. Dagen etter dei slapp han fri frå varetekt tok han straks kontakt med fleire mindreårige jenter.

Ph8NMXt8tYM

MYKJE ARBEID: Politiet har lagt ned store ressursar i etterforskinga av mannen som no er mistenkt for svært mange nettovergrep.

Foto: KIRILL KUDRYAVTSEV / AFP

22. juni i år blei ein mann tidleg i tjueåra pågripen i heimbygda og sikta for overgrep via internett mot jenter ned i 12-årsalderen. Berre på WhapsApp har han hatt kontakt med over 2600 unike personar.

Han blei då varetektsfengsla, men slapp laus 19. august. Alt dagen etter tok han kontakt med ei mindreårig jente.

– Sikta har også i avhøyr erkjent at det er han som har tatt kontakt med fornærma, og at han også har hatt kontakt med fleire mindreårige jenter i perioden etter at han vart sett fri, står det i ferske dokument frå tingretten.

1. september gjekk politiet til aksjon og pågreip 23-åringen på nytt. Sogn og Fjordane tingrett har no igjen sett mannen bak lås og slå slik at politiet kan etterforske vidare.

Tidkrevjande etterforsking

Politiet har i stor grad lagt eit lok over etterforskinga, men i rettsdokumenta går det fram at det er snakk om svært omfattande overgrep mot mindreårige via nett.

– På sosiale medium som WhatsApp, Snapchat, Instagram og Facebook er det eit stort tal samtalar med fleire tusen ulike kontaktar, har politiet opplyst til retten.

Sidan den første fengslinga har politiet gjort ein omfattande jobb med å sikre alle samtalane mellom mannen og jentene.

– Sikringa av desse media er tidkrevjande, då ein må inn på kvar enkelt samtale for å kunne sikre den. Sikta har på WhatsApp aleine vore i kontakt med 2600 unike brukarar, står det å lese i tingretten sine dokument.

Mannen sin advokat, Tor André Amble, seier at klienten er mistenkt for straffbare forhold mot eit mindretal av desse brukarane.

Mannen sin advokat, Tor André Amble, uttaler at klienten er mistenkt for straffbare forhold mot et mindretall av disse brukerne.

– Kor mange er det då snakk om?

– Betydeleg færre, men av omsyn til politiet si etterforsking er det ikkje rett å talfeste dette på noverande tidspunkt, seier Amble.

Har avdekka fleire bilete

Politiadvokat Merete Sundal seier til NRK at det er eit omfattande materiale dei skal gå igjennom i samband med etterforskinga.

– Vi jobbar med å kartlegge omfanget og er midt i etterforskinga, seier Sundal.

Mannen sin advokat, Tor André Amble, ønskjer ikkje å kommentere innhaldet i siktinga som igjen har ført til at hans klient er fengsla.

Tingretten meiner at etterforskinga til politiet styrker mistanken mot mannen og at han sannsynlegvis vil få ei straff som er lenge enn seks månader.

– Etterforskinga den seinare tida har avdekka ytterlegare bildemateriale som seksualiserer born, samt seksualisert kontakt med born som mest sannsynleg var under 16 år, skriv tingretten i si avgjerd om vidare fengsling.

Tore Andre Amble

FORSVARAR: Tor André Amble er mannen sin advokat.

Foto: Jon Bolstad / NRK