Hopp til innhold

Sikta for drapsforsøk - blir framstilt for fengsling

Den sikta etter valdsepisoden i Flora kommune er framstilt for varetektsfengsling i fire veker, og er sikta for drapsforsøk.

Valdsepisode

– Vi har bedt om fire veker varetektsfengsling. Det er fordi vi vil få avhøyrt den sikta om si rolle, utan at det er påverknad frå andre, seier Synnøve Domben som er fungerande stasjonssjef på politistasjonen Florø.

Det var tysdag ettermiddag at ein person vart alvorleg skadd i ein valdsepisode i heimen, og sendt til sjukehus i Førde. Gjerningspersonen er sikta for drapsforsøk.

– Om fornærma ikkje hadde blitt tatt med til sjukehuset raskt så hadde skadane vore livstruande, grunna blodmangel, seier Domben.

Fengslingsmøtet er torsdag ettermiddag klokka 15.00.

– Min klient erkjenner ikkje straffskuld og samtykkar ikkje til varetektsfengsling. I retten i dag vil eg argumentera for kvifor vi meiner vilkåra for varetektsfengsling ikkje er til stades, seier forsvarar Jacob Nødseth.

Væpna politi rykte ut til hendinga og no har dei fått avhøyrt fleire vitne, samt fornærma og sikta i saka.

– Vi har hatt krimteknikar på åstaden, men vi har bedt kriminalteknikarar frå Kripos om hjelp til å gjera ytterlegare undersøkingar. Det vil også bli gjort fleire vitneavhøyr, seier Domben.

Ho seier at sikta si forklaring ikkje samsvarar med dei andre vitneforklaringane politiet har fått.