Hopp til innhold

Mann frå Litauen sikta for barneslaveri

Ein mann (30) vert i dag framstilt for varetektsfengsling i Bergen, mistenkt for grov menneskehandel og barneslaveri.

Tinghuset i Bergen.

Ein mann i frå Litauen, som politiet meinar har vore sentral i rekruttering, transport og utnyttelse av dei fire borna som skal vera ofre for menneskehandel, måtte møte i retten måndag.

Foto: Alrik Velsvik / NRK

Fleire born frå Litauen seier at dei vart tvungne til å arbeida som heiltidstjuvar i Bergen.

Mindreårig barn

NRK sin reportar er i forhøyrsretten og følgjer saka.

Det er seks personar frå Litauen som vert framstilt for varetektsfengsling no, sikta for tjuveri.

Barnevernet er også representert i retten, for å ivareta den mindreårige guten som er blant dei som lyt forklara seg.

Litauaren som er sikta for grov menneskehandel vil verta framstilt og krevd fengsla i eit eige møte seinare i dag.

– Borna forklarar at dei vart lokka med jobb og gode pengar. Men med ein gong dei kom til Bergen, var det rett ut og stela, seier politiadvokat Rudolf Christoffersen, jurist i Hordaland politidistrikts spesialgruppa «Exit», til BT.

Dei måtte også stela sin eigen mat, dei fekk ingen pengar og sov i bilar om natta, i fylgje politiet.

Fredag føremiddag slo politiet til mot ein mann (30) dei lenge har mistenkt for å stå bak. Pågripinga skjedde etter ei månadslang, hemmeleg etterforsking.

LES OGSÅ: Skjerpet straff for menneskehandel

Skremte borna med trugslar

Borna fortel at dei måtte halda det gåande med steling frå butikkane opna og til dei stengte.

Og gjorde ikkje borna slik dei fekk beskjed om, ville dei bli etterlatt i Noreg.

– Det kan vera ein ganske effektiv trugsel mot eit barn, å skulle verta etterlatt i eit framand land, seier politiadvokaten til BT, som er overraska over kynismen bak det borna fortel.

– Borna skal ha stjelt lett omsettelege varer, som barberblad, alkohol og elektronisk utstyr, seier politioverbetjent Are Sangolt, leiar for «Exit» - gruppa til NRK.

Sangolt fortel at borna ofte kjem i frå oppløyste, alkoholiserte heimar, i fattige områder i Litauen.

Kan vera fleire

Så langt er det fire born frå Litauen, tre jenter på 16 år og ein 17 år gamal gut, som er identifisert som moglege ofre for menneskehandel i saka.

Men dette kan vera berre toppen av isfjellet. Politiet fortel at det kan vera fleire born involvert i saka, og at det også kan vera fleire bakmenn.

Saka vert oppdatert.

Dobling i menneskehandelsaker