Men Håkon Reikvam, som representerer turnuslegane ved Lærdal sjukehus fryktar at sosialkomiteen tek større omsyn til sjukehusa enn til turnuslegane.
Ikkje fullverdig tilbod
Når akuttfunksjonane i kirurgi ved sjukehusa på Nordfjordeid og i Lærdal forsvinn, får ikkje turnuskandidatane eit fullverdig tilbod ved desse sjukehusa. Samstundes må dei i ein periode innom sentralsjukehuset i Førde for å få praksis i akutt kirurgi. Det betyr flytting ein ekstra gong i høve til turnusteneste andre stader. Og det kjem på toppen av at turnustenesta i Sogn og Fjordane allereie er mellom dei minst attraktive i landet.
Stortingsrepresentant Per Steinar Osmundnes i sosialkomiteen, seier det viktigaste for komiteen er at det blir turnusteneste ved småsjukehusa.