Sikrar ikkje Jostedalselva

Grunneigarar i Jostedalen har venta i 28 år på flaumsikring, men NVE prioriterer ikkje slike tiltak.

Grunneigar Norvald Teigen er fortvila over situasjonen.

- Det er forferdeleg at markane her skal bli overfløymde, og heile dalen skal bli avstengd, seier han.

Flyt stadig over

Flaum i Jostedalen

Frå flaumen i August

Foto: Iren Vatne

Frustrerte grunneigarar har venta i årevis på flaumsikring av Jostedalselva ved Alsmo. Elva flyt stadig utover dyrka mark, og seinast i august opplevde dei at det stod ein meter vatn over potetåkeren. I same månad vart også vegen til Jostedalen overfløymd slik at ingen av dei 500 innbyggarane kunne kome seg til eller frå. Les òg Flaum stengde vegen

- Her fløymer det over, sjølv om elva berre veks litt opp. Så vi er ikkje nøgde med det som skjer her, seier Teigen.

Storflaum løfta elvebotnen i 1979

Det var då storflaumen herja Jostedalen i 1979 at enorme massar vart lagt att og løfta elvebotnen i det stille partiet i elva. Det vart laga ein plan for utbetring, men alt stoppa fordi dette også er eit gyteområde for laksen. No er det bygd laksetrapp i elva, og grunneigarane krev at noko blir gjort.

- Det er mange år sidan vi byrja med å skrive brev og ringe til NVE, men det er ikkje vorte noko resultat førebels, seier grunneigaren. 

NVE har ikkje pengar

Men ingeniør i NVE, Inge Lavoll, gir lite håp. Området er truleg framleis viktig for laksen og NVE er pålagt å tenke nytteverdi av flaumtiltak. Dyrka mark sikrar små verdiar for pengane fortel han, og å halde vegen open er vegvesenet sitt ansvar.

- Eg trur neppe at NVE får så mykje pengar til disposisjon, at ein kan etterkomme alle slike ønskjemål om å sikre ting rundt om kring. Det heng over oss at ting skal lønne seg, seier ingeniøren.

Flaummerke i Jostedalen

Det øvste flaummerket er frå flaumen i 1979

Foto: NRK