Hopp til innhold

Mista motivasjonen i 2006 - No tilbake som trenar

Med ein tidlegare landslagsløpar i langrenn på plass som trenar, håpar Sogn og Fjordane skikrins på å gje dameløparane eit løft.

Ingrid Narum

GJEKK LEI: I 2006 gjekk Ingrid Narum sitt siste langrenn. No er den tidlegare landslagsløparen tilbake i skisporet for skikrinsen.

Ingrid Narum er tilbake i langrennssporet for Sogn og Fjordane Skikrins.

No som trenar for impulslaget, eit lag beståande av seks utøvarar fødde i 1997.

– Ho har ei veldig bra karriere bak seg om utøvar, og veit kva som krevst for å nå toppen. Ingrid har vore der sjølv, seier administrasjonssjef Yngve Thorsen i Sogn og Fjordane skikrins.

Verdsmeisteren gjekk lei

Sogndalsjenta gjekk sitt siste renn i 2006. Då hadde ho både meisterskapstitlar og NM-bronse som juniorløpar. Same året tok ho også sølv i junior-VM i Polen.

I 2002 vart det gull i U23-VM, og sølv på sprinten i senior-NN. Ho kom med på det norske seniorlandslaget og vart nummer seks på sprinten i verdscupen 2004. Så gjekk det derimot trått.

– Eg gjekk rett og slett lei. Det var mykje skade og sjukdom, som gjorde at eg ikkje fekk trent den mengda eg burde over tid. Det gjekk igjen utover motivasjonen til å halde fram. Det vart gradvis stogg, seier Narum.

Ynskjer å vere med

I 2009 var ho flytta heim til Sogndal og vart etter kvart engasjert som trenar i moderklubben Sogndal. Før helga vart ho tilsett som trenar for skikrinsen sitt impulslag i langrenn.

Laget består av Karoline Erdal, Adrian Helgheim (begge Førde), Håvard Ruud (Bjørn), Andreas Rauset (Fjellhug/Vereide), Marita Sekse (Hafslo) og Olaug Grut Andersen (Syril).

– Eg har heile tida hatt lyst til å vere del av skimiljøet som trenar. Då er det kjekt å bli spurt om å vere med som trenar, seier Narum som gler seg til første samlinga i månadsskiftet juni/juli.

Viktig med dametrenar

I første omgang skal Ingrid delta på fire samlingar med impulslaget, i tillegg blir ho også hovudleiar for troppen til Sogn og Fjordane i samband med Hovudlandsrennet på Savalen til vinteren.

Det er reforhandling av sponsoravtalar som gir krinsen musklar nok til å styrke trenarteamet. Per Sigve Selseng og Asgeir Årdal har hovudoppfølginga, medan også leiar for langrennskomiteen Arthur Hegrenes er med som trenar.

– Vi såg på det som viktig å engasjere ein dametrenar, og håpar med dette at vi kan ivareta jentesida på ein betre måte. Med dametrenar på plass, så sikrar vi jentene god oppfølging, seier Thorsen.

Historisk beste kvinne

Krinssjefen har klokkartru på sogndalsjenta som trenar.

– Ho har ei veldig bra karriere bak seg som utøvar, og den erfaringa ho har er unik for krinsen sin del. Ingrid er den einaste kvinnelege langrennsløparen frå fylket som har teke poeng i verdscupen. Historisk sett er ho den beste langrennsløparen vi har hatt på damesida, seier Thorsen.

Trenar i Sogndal

Narum arbeider til dagen som miljøterapeut i Luster. I Sogndal ser dei no resultata av iherdig satsing i langrennsgruppa med mellom 20 og 30 løparar i alderen åtte til 15 år.

– Ser du nokre av dine arvtakarar i treningsgruppa?

– Vi har hatt mange med dei siste åra, men det viktigaste er eit skikkeleg miljø. Breidda vil bidra med å få fram gode løparar på sikt, men hovudutfordringa er å få folk til å halde fram. Her i bygda har vi konkurranse frå fleire idrettar, seier ho.

Høgt nivå

– Det er spennande å jobbe med ungdom, og så håpar eg å kunne medverke på teknikksida og det å planlegge treninga, seier Narum.

I krinsen er ikkje Thorsen i tvil om kompetansen til nyetrenaren.

– Gjennom den løparerfaringa ho har, så har ho mykje å bidra med. Ingrid har vore på høgt internasjonalt nivå som junior og delvis som senior. Den erfaringa er det ikkje mange som har her i fylket. Og det håpar vi er noko som våre løparar kan byggje vidare på, seier han.