Hopp til innhold

Ny siger for Kaupanger - no håpar dei på å overleve i divisjonen

Kaupanger-damene kunne i dag juble på heimebane etter 2–0 siger mot Fortuna.

Kaupanger-Urædd

PÅ VEG OPP ATT: Kaupanger vant i dag over Fortuna. (Arkivfoto).

Foto: Torben Stedje / NRK

– Det er klart dette var ein viktig siger for oss for å prøve å overleve divisjonen, seier Kaupanger-trenar Per Are Verlo.

Han fortel at kampen i utgangspunktet var veldig jamn, men at dei sjølv kanskje produserer flest sjansar. Til pause stod begge laga utan mål, men etter pause puttar Kaupanger to kjappe. Det var Synne Sofie Christiansen som scora begge måla, og etter det hadde laget god kontroll over gjestane.

Løyste det bra

– Vi visste at vi på ein bra dag slår Fortuna, det var målsettinga heile vegen, men vi møter eit brukbart lag som hadde ein del å spele for. Så det er ikkje lett, men vi løyste det bra, seier Verlo.

Dagens tre poeng er viktige for laget, og håpet om å framleis spele i 1. divisjon neste år lever.

Ein kamp om gongen

– Vi er avhengige av at dei andre kampane går vår veg òg. Eg håpar vi klarar å ta poeng dei to resterande kampane. Vi tek ein kamp om gongen, seier Verlo.

Neste helg er det heimekamp mot Grei Kvinner Elite.

– Slår vi dei så må Åsane som ligg føre oss òg vinne, elles kan vi gå forbi dei. Det kjem an på om dei vinn i morgon eller ikkje, seier Verlo som framleis har trua på at Kaupanger kan klare seg.