Gjelsvik starta løpebana si i det offentlege lys som leiar i Senterungdommen. Ved sida av det er han også student i ressursforvaltning ved Landbrukshøgskulen på Ås. Gjelsvik er ein av dei frå Sogn og Fjordane som markerer seg sterkast på landsplan nett no.
Inge Kjell Holme har møtt han på kontoret til den mektige folkerørsla på Arbeidersamfunnets plass i hovudstaden.
Onsdagsportrettet
I haust har NRK Sogn og Fjordane ein ny serie i føremiddagssendingane. Tittelen er Onsdagsportrettet, og der får lyttarane møte menneske som ikkje nødvendigvis er så mykje framme i media elles.