Det er Statkraft som står bak stiprosjektet, som går opp til damanlegget ved Styggevatnet i Jostedalen.
- LES OGSÅ:
- LES OGSÅ:
- LES OGSÅ:
Statkraft skal auke flaumavleiingskapasiteten til dammen og til neste år blir det mykje anleggstrafikk på vegen som går opp dit i dag.
Arbeidet omfattar utviding av eksisterande tunnel, sprenging av ny vassveg på totalt to hundre meter og bygging av ny betongterskel med overbygg.
Stien skal sikre tilkomsten for turfolket i anleggsperioden. Ikkje uvanleg er det sherpaer frå Nepal som har fått ansvaret for å bygginga.
Arbeidet vert avslutta i morgon.
LANGVEGSFRÅ: Steinarbeidarane frå Nepal ved endepunktet for stien: (frå venstre) Store Ang Tshering Sherpa, Fura Tashi Sherpa, Raju Magar, Kunga Tempe Sherpa og Vesle Ang Tshering Sherpa.
Foto: StatkraftNYE KRAV: Hit opp går stien, til Styggevassdammen, med ein demning på 55 meter, som rommar 250 millionar kubikkmeter med vatn. Nye krav frå NVE gjer at dammen må byggast om.
Foto: Statkraft