Sherpaer har laga ny sti

Turen opp på Fanaråken blir raskare for både dei som spring på tid og for vanlege turgåarar etter at sherpaer frå Nepal har laga ny sti opp til den 2068 meter høge fjelltoppen i Vest-Jotunheimen.

Sherpaer byggjer sti til Fanaråken
Foto: Christian Prestegård

Komande laurdag, 8. august, går det årlege motbakkeløpet Fanaråken Opp av stabelen, og stibygginga gjer at dei gamle løyperekorane blir verna.

- Det er utruleg kva sherpaene har utretta på nokre veker med spett, slegge og rå muskelkraft, skriv Christian Prestegård i kondis.no .

Arbeidet gjer at det kjem til å bli mykje kjappare å ta seg opp til toppen. Difor blir løyperekordane til Jon Tvedt på 57.18 og Anita Håkenstad Evertsen på 1.05.53 ståande til evig tid.

Stien til Fanaråken er utbetra

Sherpaene har laga trappetrinn av stein på dei brattaste partia av stien.

Foto: Christian Prestegård