– Sånn som den er i dag er det knapt ein sti i det heile tatt, det er mest steinrøys. Men eg ser den for meg ferdig, då blir den kjempevakker, seier Geirr Vetti i selskapet Stibyggjaren.
Han har med seg fire sherpaer frå Nepal som skal gjera steinrøysa om til ei «ny Stoltzekleiv».
– Dei må grava, løfta og hakka stein fleire timar kvar dag for å få den nye stien ferdig. Det er knallhardt arbeid, seier Vetti.
HARDT ARBEID: Da Tsherign Sherpa er ein av fire sherpaer frå Nepal som dei neste to og eit halvt åra skal bygga ein ny trappesti opp mot Ulriken.
Foto: PER VIDAR RAUNHOLM / NRK750 meter lang
Trappestien skal gå frå Steinen i Skiveien opp Skaret til Ulriken, og blir på om lag 750 meter.
Målet med stien er å leda turgåarane inn på same stien, slik at naturlandskapet rundt ikkje blir øydelagd.
– Det som skjer når ein ikkje lagar god sti er at stien vier seg ut fordi folk heile tida går nye plassar. Til slutt har du ein enorm stor bredde på stien. Her er den 15–20 meter på den breiaste, seier Jørgen Frønsdal, skogmeister i stiftinga Bergen skog- og treplantingsselskap.
- Les også:
Ny sti til 150 års jubileum
Det er stiftinga som står bak ideen, og finansierer arbeidet. Dei ønsker at stien skal stå ferdig til 150 års jubileet deira i 2018.
Men å bygga sti kostar pengar. Prislappen er på 7 millionar kroner. No håpar stiftinga på økonomisk draghjelp frå bergensarane.
– Me starta utan ei krone. Me har invitert både næringsliv og enkeltpersonar til å bidra. Me har kome eit godt stykke på veg, men det står litt att.
STEINETE: Slik ser delar av stien opp til Ulriken ut i dag. – Nokon stader er det så bratt at folk kan løysa ut små steinras som treff folk som går bak dei. Den kan vera farleg denne vegen, seier Jørgen Frønsdal.
Foto: PER VIDAR RAUNHOLM / NRK- Les også:
Du kan få ditt eige trappetrinn
Ein av måtane stiftinga vil få inn pengar på er å la folk kjøpa seg sitt eige trappetrinn.
– Eit trappetrinn vil kosta 5000 kroner. Me håpar mange vil bidra til fellesskapet og få stien på plass, seier Frønsdal.
Han lovar folk ein tursti utanom det vanlege.
– Det blir ikkje trapper heile vegen, det blir litt flate parti også, med benkar og fine utsiktspunkt. Det blir Noregs flottaste tursti, rett og slett.