SFE er ikkje dei første som har hatt planar om vindmøller på Stadlandet. Statkraft måtte gje opp i 2002 etter kraftige protestar då dei ville sette opp ein park på Hoddevikfjellet.
- Mindre konfliktfylt
Konsernsjef Ole Schancke Eikum meiner at deira prosjekt vil bli langt enklare å svelge for dei som er redde for inngrepa i naturen. Han seier parken ikkje kjem i konflikt med Selje kloster, og at den er langt mindre enn den Statkraft ville sette opp.
10-16 vindmøller
Ein byggjestart på Stadlandet vil først kome i 2008 - og det er ein lang prosess før alt er godkjent. Korleis parken vil sjå ut er førebels uklart - det kan bli snakk om 10-16 møller på opp til eit hundre meters høgde. I tillegg må linjenettet fram til vindmølleparken byggjast ut.
Stor investering
Europa jaktar på grøn fornybar miljøvenleg energi. Difor er vinden langs norskekysten så interessant. Men å gjere den om til straum kostar pengar. Å investere 250 millionar kroner for å forsyne 5500 husstandar verkar ikkje lukrativt i seg sjølv. Når styresmaktene vil premiere dei som byggjer ut, så kan det likevel bli attraktivt.
Åtte vindprosjekt
Sogn og Fjordane Energi arbeider med i alt åtte ulike vindprosjekt. Dei andre ligg lenger fram i tid. Men direktøren er ikkje i tvil om at vekstpotensialet innan energisektoren finst der.
Vindmøller i Havøysund i Nord-Norge. No er det også planar om ein vindmøllepark på Stadlandet. (Foto: Knut-Sverre Horn)