Hopp til innhold

Jublar over prosjekt om eldre og medisinering

Nasjonalforeningen for folkehelsen set stor pris på prosjektet i Sogn og Fjordane som undersøker bruken av medisinar på sjukeheimane.

Lisbeth Rugtvedt

GLAD: Vi veit at det er mykje feilmedisinering, og får stadig spørsmål om det, seier Lisbet Rugtvedt i Nasjonalforeningen for folkehelsen.

Foto: Nasjonalforeningen for folkehelsen

– Det er veldig bra at dette vert teke tak i. Mange pårørande kontaktar oss, fordi dei føler at kjære og nære vert utsett for feilmedisinering når dei kjem på sjukeheim. Dei vert sløvare og ikkje ser ut til å ha det bra, seier Lisbeth Rugtvedt.

Ho er generalsekretær i foreininga, og svært glad for prosjektet som har resultert i meir medviten medisinering av eldre og meir aktivitetar for demente pasientar.

– Vi veit at det er mykje overmedisinering og feilmedisinering. Det er veldig viktig å ta tak i dette, seier Rugtvedt.

– Forgiftar eldre

At mange eldre får feil medisin stadfesta Helsedirektoratet tidlegare denne veka. Dei har tal som viser at feilmedisinering av eldre er utbreidd i heile landet.

– I mange tilfelle ser vi at ni av ti medisinlister ikkje er rette. I einskilde tilfelle ser vi at medisinane pasienten får ikkje passar saman, og det kan føre til alvorleg skade, sa Anne-Grete Skjellanger i direktoratet.

Hans Johan Breidablik

HANS-JOHAN BREIDABLIK.

Foto: Eldgrim Fossheim / NRK

Også fagdirektør Hans-Johan Breidablik i Helse Førde har lenge vore oppteken av feilmedisinering. Spesielt kombinasjonar av mange medisinar kan vere ein risiko, meiner han.

– Eg har lese engelskspråklege artiklar med slike overskrifter som seier at det vi endar opp med er å forgifte våre eldre med medikament. I ein del samanhengar er det ikkje så langt frå sanninga, er eg redd for, seier Breidablik.

– Sjukeheim skal ikkje vere oppbevaring

Rugtvedt i Nasjonalforeningen for folkehelsen seier det er store forbetringspotensial rundt i landet, og at fleire må sjå meir systematisk på medisinbruk.

Men legemiddel er berre ein del av prosjektet i Sogn og Fjordane. Dei legg og stor vekt på å unngå urinvegsinfeksjonar og få dei eldre meir aktive, ved å nytte aktiviseringstilbod i staden for legemiddel.

Det meiner foreininga er svært positivt, særleg for personar med demens.

– Det er store gevinstar ved å gi folk fysisk aktivitet og frisk luft i kvardagen. Det er mange ting som kan gjerast for at menneske som har demens og bur på sjukeheimar kan verte mykje friskare enn dei er, seier Rugtvedt.

Ho har stor tru på at erfaringane som er gjort i Sogn og Fjordane kan overførast til resten av landet. Meir medvitne haldningar er viktig, meiner ho.

– Sjukeheim skal ikkje berre vere oppbevaring og eit minstemål om tryggleik. Vi må ha høge ambisjonar: Dei som må bu på sjukeheim skal ha så god helse som mogleg. Då må den kunnskapen takast i bruk.