Hopp til innhold

Set opp tolv nye skilt etter dødsulukke i tunnel

Dårleg skilting av alternativ sykkelveg fekk kritikk då ein belgisk sykkelturist blei påkøyrd og drepen i tunnelen. Nesten eitt år seinare kjem skilta.

Raunekleivtunnelen inne

PÅKØYRD: Den omkomne var i eit sykkelfølgje med fleire andre. Biletet viser staden han var påkøyrd.

Foto: Jon Bolstad / NRK

Ein 58 år gamal belgisk lærar omkom då han vart påkøyrd av ein bilist inne i Raunekleivtunnelen i Samnanger i fjor.

Mannen var på sykkelferie i Noreg med fleire andre, mellom dei broren som sykla i same følgjet.

Dødsulukka med ein syklist inne i ein tunnel er såpass sjeldan at det har blitt full ulukkesgransking av Havarikommisjonen.

Snart eitt år etter ulukka har Statens vegvesen bestemt seg for korleis dei vil sikra tunnelen for nye ulukker.

Totalt vil dei setta opp tolv nye skilt utanfor tunnelen på fylkesveg 7 mellom Bergen og Hardanger.

Sykkelveg mangla skilt

Etter ulukka fortalde NRK at ein alternativ veg rundt ulukkestunnelen ikkje var skilta på staden.

Fleire var kritiske til den manglande skiltinga, då vegen gjennom tunnelen er ein plass mange syklistar er utrygge.

Hardanger er eit stadig meir populært mål for syklande. Også dei som syklar mellom Bergen og Voss må velje denne ruta.

Når fleire syklar på fylkesvegen aukar faren for ulukker.

– Vi skiltar den alternative vegen rundt Raunekleiv med sykkelskilt i burgunderfarge, slik at dei som ikkje vil gjennom tunnelen får eit tydelegare alternativ, fortel overingeniør og sakshandsamar Jostein Vandaskog i Statens vegvesen.

Raunekleivtunnelen fv 7 Samnanger ingen skilt

IKKJE SKILTA: Vegen, som går bak busskuret på motsett side, var ikkje skilta som eit alternativ då ulukka skjedde i juli i fjor sommar. No blir det sett opp totalt tolv nye skilt her på fylkesveg 7.

Foto: Jon Bolstad / NRK

Stenger ikkje for syklistar

Dei har likevel bestemt seg for å ikkje stenga tunnelen for syklistar. I staden blir det hengt opp fareskilt til bilistane om at det kan vera syklistar i tunnelen.

Vandaskog seier dei har sett heile strekningen mellom Trengereid og Norheimsund under eitt i den vurderinga.

– Fleire andre tunnelar har alternative vegar som er farlegare å sykle enn tunnelen, mellom anna grunna ras. Andre tunnelar har ikkje alternativ veg i det heile. Vi ynskjer eit logisk og samanhengande system for syklistar på denne strekninga, så difor stenger vi ikkje, forklarar Vandaskog.

Entreprenør var på staden tysdag for å gjere målingar. Dei tolv nye skilta vil dukka opp om få veker.

I tillegg føreslår Vegvesenet å kvitkalka veggane inne i tunnelen for gi betre lysforhold, samt utbetre grøftene for å gi betre forhold for syklistane inne i tunnelen.

Sykkelplan for Raunekleivtunnelen på fylkesveg 7

SLIK BLIR DET: Slik blir skiltinga ved Raunekleivtunnelen på fylkesveg 7.

Foto: Skjermdump / Statens vegvesen

– Dette er vi glade for

– Dette er vi veldig glade for å høyre, kommenterer styreleiar Øyvind Litlere i Bergen Cykleklubb.

Også Samnanger-ordførar Knut Harald Frøland (Bygdalista) vil vente på rapporten frå Havarikommisjonen før han vil kommentere om tiltaka er gode eller ikkje.

– Men eg håpar sjølvsagt at skiltinga til omkøyringsvegen hindrar dødsulukker i tunnelen i framtida, seier Frøland.

Ein knapp som syklistane kan trykke på for å gi lyssignal til bilistar om at dei er inne i tunnelen, er ikkje vurdert som alternativ i Raunekleivtunnelen.

Vandaskog i Vegvesenet seier dei ynskjer denne løysinga i Liarostunnelen lenger aust på fylkesveg 7. Dei ser også behovet for skilting av dei andre tunnelane på strekninga.