- SISTE: Brannvesenet melder klokka 18.22 at det er kontroll på skogbrannen på Haugen i Nordfjord, og Vest politidistrikt melder at brannen er sløkt.
- Det vil pågå ettersløkking og vakthald utover kvelden.
- Brannårsaka er førebels ukjend.
- Eit område på om lag 150 ganger 150 meter svidd av.
Store delar av landet er på god veg inn i ein periode med høge temperaturar og lite nedbør.
– Dette gir aukande skogbrannfare, og mange stader er det tørrare i bakken og vegetasjonen enn det kan sjå ut som, melder Direktoratet for samfunnstryggleik og beredskap (DSB) fredag kveld.
Dei har no sett inn i alt sju skogbrannhelikopter i beredskap gjennom helga, frå Trøndelag og sørover.
To av dei er alt i sving med å hjelpe til med sløkkinga av ein skogbrann på Haugen i Stad kommune i Nordfjord.
Vurderer fleire helikopter
– DSB er i fortløpande dialog med Helitrans om eventuell flytting av helikopter til andre stader, og om ytterlegare helikopterberedskap, opplyser direktoratet.
Det siste døgnet har det vore to skog- og lyngbrannar i Sogn og Fjordane, der temperaturen er venta å liggje opp mot 30 plussgrader i helga.
I Nordfjord er alt tilgjengeleg mannskap, Sivilforsvaret og lokale bønder kalla ut for å forsøke å sløkkje skogbrannen som oppstod fredag ettermiddag.
– Sivilforsvaret har nett kome fram til staden og skal assistere brannmannskapa, seier vaktleiar ved Alarmsentralen i Florø, Benedicte Svardal.
Minner om bålforbod
Politiet melde tidlegare i ettermiddag at det førebels var kontroll på brannen. Det syner seg altså at det ikkje er tilfelle.
– Dette tar faktisk av litt, sa leiar for Alarmsentralen, Terje Brandsøy, til NRK i ettermiddag.
Avdelingsdirektør Johan Marius Ly i DSB åtvarar no på det sterkaste folk mot å bruke open eld i skogsterreng.
Frå 15. april til 15. september er det forbode å tenne opp bål og grill, også eingongsgrillar i eller i nærleiken av skog og utmark.
– Alle blir no oppmoda til å vise ekstra varsemd ved all ferdsel i skog og mark, seier Ly.
BRANN: Skogbrannen starta ved eit hogstfelt på Haugen.
Foto: Asgeir Reksnes / NRKTørt og varmt
I tillegg til dei to helikoptera er tre tankbilar frå brannvesenet på plass i Nordfjord
Tre tankbilar frå Stryn, Eid og Stadlandet er på plass. Det er også to skogbrannhelikopter som dynkar terrenget med vatn.
Brannen starta i eller like ved eit hogstfelt på Øvste Øvrelid og det brenn i eit svært utilgjengeleg område. Arbeidet med å sløkke brannen er ekstra utfordrande for brannfolk i verneutstyr i sommarvarmen. Til slutt lukkast utslitne brannmannskap med å sløkke brannen etter timar med knallhardt arbeid.
Det er svært tørt og varmt i området. Bøndene i området bidreg med gyllevogner lasta med vatn for å hjelpe brannvesenet.
Natt til fredag brann det i terrenget på Vamråk ved Sognefjorden. Også då fekk brannvesenet hjelp av bønder i nærleiken, som sløkte med gyllevogner.
BRATT TERRENG: Det er ulendt og bratt i området der brannen starta.