Set inn dykkarar i leiting etter sakna 18-åring

Politiet har trappa ytterlegare opp leitinga etter den sakna 18-åringen på Sotra.

Redningsaksjon på Sotra

MANNSKAP LEITAR: Innsatsleiar i politiet dirigerer leitemannskapa ved Ekerhovd på Sotra.

Foto: Therese Pisani / NRK

Mannen har vore sakna i over eitt døgn, etter å ha forsvunne frå ei utforkøyring torsdag morgon i Ekerhovdvegen aust på Sotra i Hordaland. Leiteaksjonen vart igangsett torsdag kveld. I heile natt har over 50 personar leita etter 18-åringen, førebels utan resultat.

– Me trappar opp no når det byrjar å bli dagslys, og vi leitar breitt i det området han sist vart sett, fortel operasjonsleiar Lars Geitle i politiet til NRK fredag.

Politihelikopter skal søke

Leteaksjon ved Ekerhovd etter 18-åring

SØKTE I HEILE NATT: Bilete syner redningsbåten Kristian G. Jebsen, som søkte langs land ved Ekerhovd på Sotra i går kveld.

Foto: 03030-tipser

Politiet set no inn helikopter i leitinga etter den sakna mannen. Politihelikopteret er på veg frå Oslo.

– Vi reknar med at helikopteret er i søk om nokre timar. Fordelen med det er at det er meir effektivt. Helikopteret har gode reiskap og verktøy for å finna folk i terrenget.

Klokka 11.30 har helikopteret snudd på Ål på grunn av uvær, seier operasjonsleiar Geitle til NRK klokka 11.45.

Også dykkarar blir sett inn i søket, på bakgrunn av dei opplysningane politiet har.

Sprang mot naust

– Vedkommande vart sist sett springande frå bilen og ned mot eit naust, fortel politioverbetjent Per Algerøy ved Sotra og Øygarden lensmannskontor til NRK.

Teoriane til politiet er at 18-åringen kan ligge skadd ein stad i området, eller at han kan ha gått i skjul etter utforkøyringa.

– Om det er det siste vil eg på det sterkaste oppfordre han til å gi lyd frå seg og kontakte politiet.

Politiet presiserer at aksjonen ikkje har fått endra status, og at dei framleis leitar med tanke på at mannen er i livet.

– Det viktigaste er at vi no finn han så raskt som mogleg, seier Algerøy.

Mellom 50 og 80 personar

Det var tidleg på morgonen 1. nyttårsdag at politiet fekk inn to meldingar om utforkøyringar på Ekerhovd. Politiet fekk tak i den eine føraren utpå formiddagen. Den 17 år gamle guten vart etter blodprøvetaking meldt for promillekøyring.

Mellom 50 og 80 personar leitar no etter 18-åringen som var sjåfør i den andre bilen. Det er mannskap frå politiet, Røde Kors og Sivilforsvaret som deltek i leitinga, samt Norske Redningshundar.

Båt frå Haakonsvern, politibåt og redningsskøyter deltek i søket. Det vil også koma til 40 personar frå Heimevernet i formiddag.