Hopp til innhold

Set i verk strakstiltak etter dødsulukke og frontkrasj i belasta sving

Etter ei dødsulukke og ei ulukke med fleire skadde på ei veke i same svingen, set Statens vegvesen no i gang strakstiltak.

Redningsarbeid i Blekesvingen etter frontkollisjon

ULUKKESSVING: Det har vore fleire ulukker i svingen på Rv. 15. Seinast på tysdag då to bilar frontkolliderte.

Foto: Thomas Thaule / Fjordingen

Tysdag frontkolliderte to bilar i ein skarp sving på Rv. 15 ved Vegtun i Stryn, og ein person fekk moderate skadar. Ei veke tidlegare omkom ei kvinne i ei motorsykkelulukke i den same svingen.

Fungerande avdelingsdirektør for Statens vegvesen i Sogn og Fjordane Eivind Yttri fortel at strekninga forbi svingen no skal skiltast betre.

– Som eit strakstiltak kjem det til å bli sett opp skilt som varslar spesielt om denne svingen, men også om at det er fleire svingar på strekninga, seier han.

Yttri fortel at det skal kome både bakgrunnsmarkeringar, skilt som varslar om skarp sving, og mest truleg også tilrådd fartsgrense gjennom svingen. Skilta skal setjast opp i løpet av kort tid.

Eivind Yttri, seksjonsleiar, Statens vegvesen region Vest

STRAKSTILTAK: Eivind Yttri frå Statens vegvesen seier at det som eit strakstiltak skal setjast opp fleire skilt i svingen ved Vegtun.

Foto: Arne Stubhaug / NRK

– Dei siste signala vi har fått er at skilta skal vere på plass seinast rett over helga, så dei vil nok kome i løpet av nokre få dagar, seier Yttri

Vidare er det først og fremst tiltak for å få betre sikt i svingen som er aktuelle, fortel Yttri.

– Det som kan vere aktuelt er å rydde meir skog, gjere endringar på rekkverket og kanskje gjere noko med ein bergknaus på nedsida av svingen.

Kor lang tid det vil ta å betre sikta i svingen er ifølgje Yttri vanskeleg å seie.

– Om det berre vert snakk om å rydde litt skog er det tiltak som ikkje krev så mykje, og kan gjerast på kort tid. Om vi må gå tyngre inn, til dømes med sprenging, er det noko som krev meir tid, seier han.

Endringar i sjølve utforminga av svingen, med avkøyring til Panoramavegen, er også noko som vil verte vurdert etter kvart.

– Ein kjem til å sjå på heilskapen, men det er ikkje gjort noko konkret no som vil resultere i tiltak med det første. Tiltak rundt kryssløysinga er noko som kjem til å verte vurdert.