Hopp til innhold

Set familie og born på vent for operaen

NORDFJORDEID (NRK): Kari Standal Pavelich og Michael Pavelich har ofra alt for å skapa operakultur på Nord-Vestlandet mot alle odds.

Pavelich2

MOR OG SON: Kari Standal Pavelich (til venstre) har motteke Kongens fortenestemedalje for sitt og ektemannen sitt arbeid med Opera Nordfjord. Alexander Pavelich er framleis med i denne sesongen av «Stjernekamp».

Foto: Magni Hjertenes Flyum

– Det har vore utruleg dårleg med middagslaging med borna. Dei har blitt litt forsømde i operavekene, men me håpar dei har fått noko igjen som har kompensert for det, seier Kari Standal Pavelich, sjef ved Opera Nordfjord.

Sju born har det blitt. Seks menneske og ein opera. Og livet for kunsten og operaen har kosta. I fleire månader kvart år er det det sjuande barnet som krev og får merksemda.

Normal familie?

– Det blir mykje tørrmat og ferdigpizza og pølser. Så eg har litt dårleg samvit for at eg har forsaka ein del normalt familieliv, seier Kari Standal Pavelich.

Ho hugsar godt kva ein av sønene i fullt alvor sa:

«Mamma, eg skulle ønske vi var ein normal familie. Ein sånn som kjem heim og et middag når dei skal og gjer det ein skal.»

– Så vi har kanskje ikkje vore heilt A4, seier ho.

– Dei har vore med på prøvar frå dei har vore babyar. Vi trur dei har fått noko med seg som dei no set pris på.

I sonen Alexander Pavelich har det slått fullt ut. Trass i ferdigpizza har han blitt musikar på heiltid, og han er framleis med i denne sesongen av «Stjernekamp».

Alexander Pavelich

MUSIKAR-SONEN: Av dei sju borna, operaen inkludert, ser vi ein av dei i årets versjon av «Stjernekamp». Alexander Pavelich er framleis med i songkonkurransen, og er favoritt.

Foto: Julia Marie Naglestad / NRK

Kjenner på premiere-nervane kvart år sidan 1998

Kari er frå Ålesund, Michael frå USA. I 1989 fekk dei faste jobbar i kulturskulen på Nordfjordeid, og sidan 1998 har opera på Nordfjordeid vore livet deira.

Den siste tida har Pavelich-paret igjen vore i operabobla. «La Bohème» var den fyrste operaen kunstnarisk leiar Michael Pavelich dirigerte for Opera Nordfjord, for 18 år sidan. Derfor måtte det bli «La Bohème» som jubileumsforestilling òg, ein av hans favorittar.

Kari Standal Pacelich og Michael Pavelich

PREMIERE MED TÅRER: Michael Pavelich og Kari Standal Pavelich kunne ikkje halde tilbake tårene då dei fekk Kongens fortenestemedalje for sitt arbeid med Opera Nordfjord.

Foto: ARNE STUBHAUG / NRK

Premierekvelden kom, og alt gjekk etter planen, forutan ein detalj: Kongens fortenestemedalje. Dei som vanlegvis planlegg det som skjer på scenen ned til minste kostyme og note var rørte til tårer av overrasking.

– Vi var dei einaste som ikkje visste noko. Dette er ei ære, og eg blir rørt av kor mange som meiner vi fortener det, seier operasjef Kari Sandal Pavelich.

Til saman har Opera Nordfjord på 20 år hatt over 30 oppsetjingar og seld om lag 90 000 billettar. Ekteparet er klokkeklare – dette hadde dei aldri klart åleine.

– Dette deler vi med tusenvis av menneske som har jobba beinhardt for å bygge opp det vi har i dag. Vi hadde ikkje klart det aleine, seier operasjefen.

Opera Nordfjord - kveld

OPERA NORDFJORD: Pavelich-paret sitt livsverk.

Foto: NRK

Det var mange som flakka med blikket då ho og ektemannen lanserte den naturstridige idéen om opera i ei lita bygd. Men i dag vert det sagt at dei gav nordfjordingane noko dei ikkje visste dei ville ha.

– Eg hadde bilen på verkstad for nokre år sidan og då hugsar eg ein som skrytte:

«Veldig flott det de har fått til.» «Åh, har du vore på opera kanskje?» spurde eg. «Nei, nei, nei!» Han hadde ikkje det, men han heia på oss og synest det var flott.

– Eg ventar ikkje at alle elskar opera. Men det er hyggjeleg at dei synest det me har gjort og fått til er fint.

– Det er ein ting som Opera Nordfjord viser. At det går an å drøyme og gjere det ein vil viss ein satsar. Har du ein draum så er det ikkje begrensningar for kva du kan få til, seier Michael Pavelich.

Les også: Kongens Fortjenstmedalje til operaektepar