Hopp til innhold

Endeleg fekk Irene og Jan Robin gifta seg

Det ser ut til å bli ein bryllaupsboom i 2022. Mange av bryllaupa som vart utsette under pandemien går av stabelen denne sommaren.

Irene Flølo og Jan Robin Aaland bryllaup

ENDELEG: I 2022 fekk Irene Flølo og Jan Robin Aaland endeleg gifta seg i Gloppen i Nordfjord.

Foto: Fotograf MA

Irene Flølo og Jan Robin Aaland har utsett bryllaupet sitt to gonger. I vinter håpte dei at alle gode ting skulle vera tre.

Og det vart det. Tidlegare i sommar fekk dei endeleg sagt ja til kvarandre.

– Det var ein stor dag. Det var veldig kjekt å endeleg få gjennomføra det me har tenkt på i lang tid, seier Flølo.

Dei er på ingen måte åleine om å ha bryllaupsdato i 2022. Restriksjonane pandemien førte med seg gjorde at mange valde å utsetja bryllaupa sine.

Irene Flølo og Jan Robin Aaland bryllaup

Det ser ut til at Flølo og Aaland må dela bryllaupsåret sitt med ganske mange.

Foto: Fotograf MA

Fordi det er ulike måtar å gifta seg på, er det vanskeleg å vita sikkert kor mange som har gifta seg til no.

Men alle som skal inngå ekteskap må søka om prøvingsattest. Det kan derfor gi ein god indikasjon.

Så langt i år har 30 prosent fleire fått prøvingsattestar frå Skatteetaten, samanlikna med same periode i 2019.

– Men me kan ikkje seia sikkert at alle dei har gjennomført og faktisk gifta seg, seier Ernst Larsen, kommunikasjonsrådgjevar i Skatteetaten.

Travel sommar

Hjå Human-Etisk Forbund har 916 par bestilt vigslar så langt i år. I 2019 var talet 599.

Hege Winje, assisterande generalsekretær i forbundet fortel at ein del av desse bryllaupa er koronautsette, men at dei i tillegg har inntrykk av at det er ein auke i kor mange som ønskjer humanistisk bryllaup.

Den norske kyrkja har ikkje oversyn over kor mange som har gifta seg enno, men fleire sokn har meldt om mange bryllaup.

Geir Paulsen, prost i Sogn, har ein travel sommar.

– Det generelle inntrykket er at det er uvanleg mange i mitt område.

Han viser òg til at det allereie har kome ein del innmeldingar for 2023. Òg nokre av dei er utsette bryllaup.

Geir Paulsen

Geir Paulsen er prost i Sogn.

Foto: Sondre Dalaker / NRK

– Det er ein del som ikkje torde å satsa på i år.

Sjølv om han meiner koronapandemien har mykje av skulda for den travle sommaren, trur han mengda bryllaup kan ha fleire grunnar.

– Eg har kjensla av at det har kome litt i skotet å gifta seg, men eg har ikkje forska på det akkurat, seier han.

– Hugsar ikkje reglane

Når mange skal gifta seg, kan det bli litt arbeid å flytta eit bryllaup.

– Det er mange avtalar som må på plass, så å rullera på avtalane var ikkje enkelt, seier Flølo.

Då dei til slutt fann ei helg som passa, så kunne ikkje fotografen.

– Den helga var det seks grader, regn og skodde. Me fekk flytta det ei veke, og då var det full klaff, seier Aaland.

Irene Flølo og Jan Robin Aaland bryllaup

Etter at alle avtalane var flytta, fekk Flølo og Aaland fint vêr på bryllaupsdagen.

Foto: Fotograf MA

For Svanhild Gjeraker og Egil Timberlid i Bergen gjekk det fint å flytta alle avtalane. Dei skulle ha gifta seg sommaren 2021.

– Eg hugsar ikkje lenger kva reglane var akkurat då me skulle gifta oss, men det var att og fram med talet på og meter, så me bestemte oss for at det var best å venta.

For at alle dei 90 gjestene skulle få koma, både frå innland og utland, vart datoen 14. mai 2022. Då vart det bryllaup på eit dampskip utanfor Bergen.

Svanhild Gjeraker og Egil Timberlid bryllaup

For Egil Timberlid og Svanhild Gjeraker gjekk det fint å få flytta avtalane. Dei er svært glade for at dei valde å utsetja.

Foto: Kenneth Gjertsen

– Eg trur folk var klare for ein fest. Eg følte folk var gira på å samlast og å feira, seier Gjeraker, som er veldig glad dei valde å utsetja.

Skal du eller har du vore i bryllaup i 2022?

Eit «umogleg» bryllaup

Idag skal Fredrik Hope og Geir Egil Eiksund gjennomføra eit bryllaup som hadde vore svært vanskeleg å få til i 2020 eller 2021.

I overkant av 150 gjester skal samlast i Hyen i Vestland. Fredag ble det arrangert både grilling, dansekurs og fotballkamp.

I kveld kjem eit spelemannslag, og Hope lovar at det blir fest.

– Det er kjekt at det ikkje er koronaen som avgrensar kor mange gjester me kan ha, men kor mange me har plass til.

Han peikar på at det er mykje dei slepp å tenkja på fordi pandemien er over.

– Men me tek omsyn og har kjøpt inn handsprit.

Fredrik Hope og Geir Egil Eiksund bryllaup

På laurdag skal Hope og Eiksund skal gifta seg i bunadane sine: nordfjordbunad og ørstabunad.

Foto: Lars Nordvi Sæthre