Hopp til innhold

Vil sjå på trafikantane sin tryggleik under tunnelarbeid

Statens Havarikommisjon vil sjå nærare på problemstillingar knytt til tunnelarbeid og trafikkavvikling.

Brann i Gudvangatunnelen

BRANN: Til alt hell vart ingen skadde då eit vogntog med matvarer byrja å brenne i Gudvangatunnelen i natt.

Foto: Voss Brannvesen

– Det er mykje trafikk i tunnelane, og skadepotensialet er stort, seier havariinspektør Per Olav Hetland.

Havarikommisjonen er på veg til Gudvangatunnelen med tre inspektørar etter brannen i natt.

Fire personar vart sende til sjukehus med lettare skader og 32 personar vart evakuerte frå tunnelen i brannen.

Hetland seier hendinga har likskap med brannen i Fjærlandstunnelen i 2017, der 13 personar vart sende til sjukehus då det byrja å brenne i ein feiebil.

– Fellesnemnaren er kolonnekøyring og styrt trafikkavvikling, så ein vil nok sjå om det er likskap i utfordringane mellom desse to ulukkene, seier Hetland.

Krimtekniske undersøkingar

Havarikommisjonen er ferdige med å hente informasjon og meiner å ha god oversikt over brannen i Fjærlandstunnelen.

33 personer ble evakuert og fire personer ble sende til sykehus etter at et vogntog tok fyr i Gudvangatunnelen på E16 natt til lørdag.

SJÅ VIDEO: 33 personar blei evakuert og fire personar blei sende til sjukehus etter at eit vogntog tok fyr i Gudvangatunnelen på E16 natt til laurdag. (FOTO: VOSS BRANNVESEN)

Rapporten er førebels ikkje ferdig.

– Truleg vil vi sjå etter samanhengar mellom desse to brannane. Målet vårt er å gå inn i kvar undersøking med nye auge, og prøve så godt som mogleg å finne ut kva som skjedde for å betre tryggleiken, seier Hetland.

– Veldig bra

Svenn Egil Finden

NØGD: Svenn Egil Finden meiner ikkje at Gudvangatunnelen er spesielt risikofull sjølv om det har vore tre brannar på seks år der.

Foto: Kjell Arvid Stølen / NRK

Politiet vil starte krimtekniske undersøkingar av både vogntog og tunnelen. Det er førebels uvisst kor store skader tunnelen har fått, og kor lenge den blir stengd.

Avdelingsdirektør Svenn Egil Finden meiner det ikkje er meir risikofylt for trafikantar å køyre gjennom tunnelar når det er arbeid. Nettopp fordi det blir sett inn alternative tryggleikstiltak.

Under brannen i Fjærlandstunnelen vart trafikken styrt med lys. I Gudvangatunnelen vart bilane leia av følgjebil.

– Det er veldig bra om dei ser overordna på desse brannane. Det er det som er styrken med å ha ein havarikommisjon som kan sjå overordna på hendingar, og sjå om det er ting ein kan gjere for å betre tryggleiken, seier Finden.

Tredje sidan 2013

Brannen i natt er den tredje i Gudvangatunnelen på seks år. Etter brannen i 2013 retta kommisjonen kraftig kritikk mot Statens vegvesen.

Kritikk vart det også etter bussbrannen to år seinare.

– Vi har nokre referansar, men kvar ulukke og kvar brann er unik i seg sjølv. Det er difor vi ynskjer å reise bort for å sjå om det kan vere noko nytt å lære, seier Hetland i Havarikommisjonen.

Blir oppgradert

Han seier det er stort skadepotensial når det brenn i tunnelar. Gudvangatunnelen er ein av fleire lange tunnelar på hovudvegen mellom Aust- og Vestlandet.

– Vi vil sjå på vogntoget og skadane i tunnelen, og prøve å danne oss eit bilete av kva som skjedde før, under og etter brannen, seier han.

Gudvangatunnelen er no under oppgradering, og Finden seier det mellom anna blir nytt teknisk rom, nytt teknisk anlegg, overvakingssystem og drenering. Arbeidet skal vere ferdig neste år.

  • Det er omkøyringsmoglegheiter via riksveg 7 Hardangervidda, riksveg 13 Granvin – Voss, eller riksveg 5 og E39 via Førde og Sogndal. Ein kan også køyre riksveg 13 over Vikafjellet eller fylkesveg 55 Dragsvik-Hella.