Ein tabbe i Kaupangerforsvaret gav gjestane leiinga. Etter 25 minutt auka Stabæk til 2–0 med kampens siste mål. Dermed blir det ikkje finalespel for Kaupanger. Dette er første gong Kaupanger har nådd så langt i Norgesmeisterskapen.
Kaptein Andrea Hopen måtte følgje kampen frå sidelinja etter å ha fått raudt kort i kvartfinalen. Ho har delte kjensler om tapet.
– Sjølvsagt har eg ein draum om å spele finale, eg har jo det, men eg er ikkje skuffa. Eg føler på ein måte ikkje at eg kan vere det heller sidan eg ikkje spelar. Eg trur jentene eigentleg er ganske nøgd med å ha kome så langt som vi har gjort, seier ho.
– Heva oss veldig i andre omgang
PÅ SIDELINJA: Kaptein Andrea Hopen.
Foto: Inge Kjell Holme / NRKHopen meiner jentene jobba hardt og at dei absolutt ikkje blei rundspelt av laget frå Bærum.
– Stabæk hadde ballen mest i første omgang, men eg synest vi heva oss veldig i andre omgang. Vi torde å ta ned ballen og spele og vi kom til nokre store sjansar. Så det viser at dette ikkje er nokon overkøyring.
Trenar Øystein Rinde er meir skuffa over starten av kampen enn resultatet.
– At vi ikkje går til finalen, det er no så som så, men det er skuffande når vi startar så dårleg.
SKUFFA: Trenar Øystein Rinde.
Foto: Inge Kjell Holme / NRKHan vedgår at Stabæk sigra fortent, og trass nedturen meiner han det er stort for Kaupanger å ha kome til semifinale i det heile.
– Det viser at vi er eit kjempegodt lag. Vi har ein gjeng med unge, gode spelarar på Kaupanger som er i stadig utvikling. Det ser ein i andre omgang i dag òg. Vi er på veg opp og fram no, altså, seier Rinde.
Duell i duellen
Kampen baud også på ein ekstra duell mellom søskenbarna Marta Dalaker på Kaupanger og målvakt på Stabæk, Cecilie Hauståker Fiskerstrand, som har ei mor frå bygda i Sogn. Ho var svært glad for å kome nettopp hit for å spele semifinale.
DUELL: Søskenbarna Marta Dalaker til venstre (Kaupanger) og Cecilie Hauståker Fiskerstrand (Stabæk).
Foto: Inge Kjell Holme / NRK– Det var heilt fantastisk. Med ein gong eg høyrde at Kaupanger var vidare, så håpte eg vi skulle møte dei på bortebane. Å komme tilbake hit og spele her er heilt fantastisk.
Dalaker skryt av søskenbarnet og laget hennar, men vedgår at ho hadde ein liten draum om å score på kusina.
– Eg hadde no det, men slik vart det ikkje, seier ho og ler.
– Heldigvis klarte ho ikkje det. Men eg er veldig imponert over Kaupanger og måten dei spelar på. Dei gjorde oss dårlege, så dette kan bli eit bra lag, seier Hauståker Fiskerstrand.
GOD STEMNING: Mykje folk frå både Kaupanger og Bærum hadde teke turen for å støtte laga sine.
Foto: Inge Kjell Holme / NRK