Hopp til innhold

Ser ingen grunn til hemmeleghald av konsulenthonorar

Leiar i kontrollutvalet i Sogn og Fjordane fylkeskommune, Arve Mjømen, vil kontakte revisor for å sjå på moglegheita for å få offentleggjort utgiftene til fylkeskommunen på konsulenthonorar i Fjord1-saka.

Arve Mjømen

VIL HA TALA UT: Leiar i kontrollutvalet i fylkeskommunen, Arve Mjømen.

Foto: Erlend Blaalid Oldeide / NRK

– Eg vil gjere mitt til at desse tala vert offentlege. Det kan ikkje vere grunn til å halde tal skjult når det ikkje finst nokon grunn, seier Mjømen.

Han vil ta kontakt med revisorar allereie i dag for få svar på dei spørsmåla som saka dreiar seg om.

– Eg kjem til å ta kontakt med revisorselskap i dag. Vi vil sjå på kva grunnlaget for denne avgjerda er, seier Mjømen.

Er usamd med fylkesrådmannen

Samstundes som fylkeskommunen må kutte kraftig i tilbodet til innbyggjarane fram mot 2019, nektar fylkesrådmann Tore Eriksen å fortelje kva fylkeskommunen brukar på eksterne konsulentar i arbeidet med eigarskapen i Fjord1.

Med heimel i offentleglova fryktar Eriksen at openheit kring samla pengebruk kan avsløre kva fylkeskommunen vurderer å gjere med selskapet.

Tore Eriksen, fylkesrådmann, Sogn og Fjordane Fylkeskommune

VIL IKKJE: Fylkesrådmann Tore Eriksen meiner dei har heimel til å halde beløpa hemmelege.

Foto: Arne Stubhaug / NRK

– Viss vi offentleggjer beløp her, gir vi samstundes indikasjonar på kva vi jobbar med. Det har vi ikkje høve til, seier Eriksen.

Det er ikkje Mjømen samd i.

– Det er vel ikkje nokon i Sogn og Fjordane som ikkje veit at det litt ein to-løpsveg i dette. Den eine er ein fusjon, den andre er sal. Ut frå dette har fylkeskommunen og fylkesutvalet sett i gang eit godt arbeid. Dei er på ei god linje for å finne ut kva dei vil, seier Mjømen.

Skal mykje til for å halde ting hemmeleg

Han klarar ikkje å vere samd med synspunkta til fylkesrådmannen.

– Det burde vere unødvendig å stengje alle dører for innsyn. Når konsulenten er teken stilling til, er den handelen avgjort. Då meiner eg dette burde vore offentleg, seier Mjømen.

Han peikar på at offentlegheit er viktig, også for fylkeskommunen.

– Det skal mykje til for å halde slike opplysningar hemmeleg. Vi lever i eit ope samfunn og det vert stadig opnare. Det er berre anbodsprisar og tilsvarande som gjer at ein kan halde slikt hemmeleg, seier Mjømen.

Han har også forståing for at folk flest ønskjer innsyn i kva fylkeskommunen brukar pengar på.

– I ein situasjon der ein har knappe ressursar som skal fordelast ut over innbyggjarane i Sogn og Fjordane, så har folk eit krav til å få innsyn, seier Mjømen.

Når ein har bestemt seg, bør ein kunne offentleggjere

Han understrekar at det sjølvsagt er nokon hakar ved det. Men når avgjerda om kva konsulentfirma ein brukar er teken, meiner han det ikkje er noko i vegen for å offentleggjere beløp.

– Prising og anbod til konsulentar er éin ting, men når ein har bestemt seg, så er det noko heilt anna. Når ein har bestemt seg for kven ein vel som konsulent, så er det ein heilt annan sak. Då er det ikkje lenger nokon grunn til å halde dette skjult, seier Mjømen.