Hopp til innhold

Senterpartiet rota vekk førsteplassen etter intern strid

– Vår eigen feil, seier Gulen-ordførar Hallvard Oppedal. Nominasjonsbråket i Sogn og Fjordane Senterparti leidde til at dei mista Vestland-topplassen til ein hordalending.

Hallvard Oppedal

MISFORNØGD: Gulen-ordførar Hallvard Oppedal er misfornøgd med at Senterpartiet mista førsteplassen på lista til Vestland Senterparti.

Foto: Erlend Blaalid Oldeide / NRK

– Me får ta skulda sjølve for at det er Hordaland som no ser ut til å stikke av med den plassen.

Det seier Gulen-ordførar Hallvard Oppedal om nominasjonsbråket i Sogn og Fjordane Senterparti.

– Eg hadde håpa at Sogn og Fjordane hadde hatt fyrsteplassen på nominasjonslista, og me hadde nok òg fått han om det ikkje hadde vore for den indre striden i fylket, seier han.

Dribla seg frå makta

Det var Bergens Tidende som først skreiv om saka og avslørte at striden førte til at hordalendingen Jon Askeland hamna på topp.

Ved førre Stortingsval i 2017 fekk Senterpartiet 7,6 prosent av stemmene i Hordaland. I Sogn og Fjordane fekk dei 29,7.

Deira kommentator, Jens Kihl, kallar det å drible seg sjølv vekk frå makta.

– Det luktar ikkje akkurat superlag frå Sogndal av slikt spel, skriv han.

Til NRK seier Kihl at dei to fløyene i partiet ikkje klarte å bli samde om ein felles fylkeskandidat. Dermed enda dei opp med å tape fyrsteplassen, meiner han.

– Fyrst var dei einige om Aleksander Øren Heen frå Årdal, men så blei det nye rundar heilt på tampen der han blei skyve ned til andreplassen.

Dragkamp mellom partifløyer

Øren Heen synest det er kjekt å vite at han var fyrstekandidaten ei stund. Han trur òg at partiet kan ha rota vekk topplassen.

– Det kan sjå ut som at det har vore viktigare å få meg ned frå fyrsteplassen enn at Sogn og Fjordane skulle ha fyrsteplassen. Det synest eg er merkeleg og det er ikkje sånn eg kjenner folk i mitt eige fylkesparti, seier han.

Han vil likevel ikkje overdramatisere stoda i partiet.

– Eg vil ikkje bruke ordet uro, men det er i alle fall usemje om kva som burde ha vore gjort knytt til nominasjonen.

Ifølge førebelse nominasjonslister som Bergens Tidende fekk tak i var fylkesleiaren i partiet, Sigurd Reksnes, plassert på sjuandeplassen. Dette skal han ha vore misnøgd med, og etter nye rundar er Reksnes utfordrar til Heen i kampen om andreplassen.

– Dette er eigentleg ei ganske stor krise for eit parti som vanlegvis er veldig gode til å utnytte alle makt-moglegheiter dei får, seier Jens Kihl.

I ei tekstmelding til NRK viser Reksnes til leiaren i nominasjonsnemnda og har utover det ingen kommentar til saka.

Navarsete vs. Følling

Striden utvikla seg for alvor då Lærdal-ordførar Jan Geir Solheim kritiserte Jenny Følling som fylkesordførar. Hennar rolle i fylkessamanslåinga gjorde at Solheim blant anna sa at han ikkje såg ein Senterparti-ordførar i henne.

Solheim er sett på som ein alliert av Liv Signe Navarsete. Dermed blei striden sett på som ein partifløystrid mellom dei som støttar Jenny Følling og dei som støttar Liv Signe Navarsete.

I ein SMS skriv Liv Signe Navarsete at denne saka ikkje handlar om ho, men om nominasjonsnemnda sine handlingar. Og om dei har vist respekt for lokallaga sine innspel i nominasjonsrundane. Ho er i Canada og kan ikkje kommentere saka ytterlegare.

Hallvard Oppedal i Gulen er lei seg for korleis uroa har øydelagt for partiet i fylket.

– Eg er veldig trist. Eg synest Sogn og Fjordane er ein senterpartibastion samanlikna med Hordaland. Men når me ikkje klarar å samlast om ein kandidat så blir det sånn.