Lysande tavler som viser fart blir det nye våpenet for å få oss til å halde fartsgrensene på vegane. Tavlene fortel deg kva fart du held og gjev deg melding dersom du køyrer for fort.
Den første vart sett opp på Voss for fire år sidan, og ein ser tydelege verknader fortel senioringeniør i Statens Vegvesen, Tor Høyland.
- Snittfarten går ned med mellom to og fire kilometer i timen der det blir sett opp slike fartsmålarar, sier Høyland.
- Verknadsfulle
Illustrasjonsfoto: Espen Hatlestad/NRK
Det høyrest kanskje ikkje så mykje ut, men resultata syner at talet på ulukker med personskadar går ned med 12 prosent der tavlene er sett opp, og det er nesten like bra som der det er plassert ut fotoboksar.
Her kjem tavlene
I dag finn du fleire slike skilt i Bergen, Os, Lindås og Voss. Ei rekkje nye fartstavler blir plassert ut på vegane i Hordaland innan kort tid. Skilta som kostar kring 200.000 kroner blir no sett opp på Ravnanger på Askøy, Knappskog i Fjell og Knarvik i Lindås.
Ingen ris bak speilet
Sjølv om tavlene er rein informasjon, og ikkje tek bilete av verken deg eller bilen din, sa fleire av dei NRK snakka med at dei likevel lettar på gasspedalen når dei passerer tavlene.