Hopp til innhold

Seniorar som tek sluttpakke risikerer millionsmell

Er du mellom 58 og 62 år og vurderer sluttpakke frå din arbeidsgjevar bør du takke nei, meiner YS-forbundet Negotia. Du risikerer å tape opp imot ein million i AFP-pensjon.

Roger Rønning

ÅTVARAR: Roger Rønning i Negotia fryktar at Telenor-tilsette vil tape svært mykje om dei må ta imot sluttpakke.

Foto: Terje Bergersen

– Vi peikar på kva vanskeleg situasjon våre medlemmer hamnar i, og vi legg vekt på at sluttpakke ikkje er ei god løysing for dei mellom 58 og 62, seier konserntillitsvald for Negotia i Telenor, Roger Rønning.

Temaet har blitt aktualisert denne veka sidan 188 tilsette i Telenor i Førde, Steinkjer og Stavanger har fått beskjed om at dei er overtalige.

Risikerer å miste oppspart pensjon

Mange av desse er godt vaksne medarbeidarar, som no risikerer å miste den private AFP-ordninga dei har spart opp til gjennom eit langt liv i yrkeslivet.

– Konsekvensane av å miste AFP-rettane er fleire hundre tusen kroner for dei som ønskjer å slutte. Det som truleg skjer er at dei då må stå til dei blir ordinære pensjonistar i ein eventuell ny jobb, seier Rønning.

I Telenor har det vore praksis at seniormedarbeidarar har fått høve til å stå ut oppteningstida fram til dei er 62, men Telenor-leiinga innrømmer no at ei rekkje tilsette kan gå på ein skikkeleg pensjonssmell.

– Brutal personalpolitikk

– Vi forstår uroa og vi må erkjenne at nokon vil kunne miste AFP-ordninga si. Det som er viktig for oss no er at vi går i dialog med kvar enkelt dette gjeld og ser på kva løysingar vi kan kome fram til, seier informasjonssjef i Telenor, Anders Krokan.

Informasjonssjef i Telenor, Anders Krokan

TELENOR-SJEF: Anders Krokan, informasjonssjef, Telenor.

Foto: Ole Walter Jacobsen / Telenor

For dei tilsette i Telenor, som no risikerer å miste både jobb og pensjon, er ikkje dette noko god løysing, meiner dei tillitsvalde.

– Mange av dei har brukt heile sitt arbeidsliv for Televerket og Telenor og eg tykkjer det blir ein veldig brutal personalpolitikk dersom dei ikkje tek vare på seniorane på ein god måte, meiner Roger Rønning i Negotia.

Stadfestar pensjonsproblem

Svein Årtunby, kommunikasjonssjef hos Privat AFP og sluttvederlag, som er ein fellesorganisasjon for LO og NHO, stadfestar at sluttpakkar kan føre til pensjonsproblem for seniormedarbeidarar.

– Vi veit at veldig mange tek ut AFP i privat sektor frå dei fyller 62. Så det er klart at for tilsette i aldersgruppa frå 55 til 62, så er det ein risiko for at dei mistar retten til å ta ut AFP, dersom dei ikkje kjem i arbeid i ei ny AFP-bedrift, seier Årtunby.

– Kor mykje kan det vere snakk om for kvar enkelt medarbeidar?

– AFP er ei livslang yting som kjem i tillegg til pensjonen frå folketrygda, så det dreier seg om høge beløp, sjølvsagt avhengig av kor lenge du lever.