Sendt skogbrannhelikopter

For tredje gong denne veka er det røykutvikling på Årheimsfjellet i Stryn. – Det er eit skogbrannhelikopter på veg, fordi det er vanskeleg å ta seg fram der oppe, seier Ronald Drotningsvik i 110 Vest. Det blir starta sløkking så raskt det kjem fram, og dei reknar med det er ei oppblussing etter sist gong.

Røykutvikling på Årheimsfjellet i Stryn.
Foto: Jarle Øygard