Tysdag sende Meteorologisk institutt ut gult farevarsel om mykje regn på Vest- og Nordvestlandet.
Årsaka er ein lågtrykksfront ved Island som er på veg innover Sogn og Fjordane og Møre og Romsdal med mild og fuktig luft.
– Allereie onsdag vil ein merke nedbøren, men torsdag vil det bli mest intenst, seier vakthavande meteorolog Per Egil Haga ved Meteorologisk institutt.
Kan få 100 mm regn på eitt døgn
Onsdag morgon er det kaldt fleire stader i fjella i Sør-Noreg. På Finse var det fire minusgrader klokka 06, opplyser vakthavande meteorolog Lars Andreas Selberg.
Fleire stader i landet har fått snø denne veka. Mange har vore nøydde å byta til vinterdekk om dei har tenkt seg over fjellet i haustferien.
Men med lågtrykksfronten kjem også mildvêret.
Den kalde lufta gjer at den første nedbøren som er venta onsdag kveld vil falla som snø i fjellet. Men etterkvart som lågtrykksfronten kjem innover, synker temperaturen og nedbøren går over i regn. Då kryp snøgrensa heilt opp til 1600 moh.
Med all nedbøren følger også eit varsel om jordskred for Nordvestlandet. Bratte skråningar, bekker og elveløp er mest utsette, ifølge varselet som gjeld frå Trondheimsleia i nord til Sognefjorden i sør.
Frå onsdag kveld er det venta opp mot 100 mm nedbør på 24 timar. Det er nesten like mykje som blei målt i Sunnfjord under katastrofedøgnet i Jølster. Den gong kom juliregnet brått og lokalt.
– Men regnbyen Bergen vert skåna for det verste styrtregnet denne gongen?
– Ja, det ser ikkje så gale ut for Bergen, men heilt klar går dei nok ikkje sjølv om det ikkje er meldt farevarsel der.
Austlandet ligg i le
Nedbøren kjem med vestavêret og kysten vil dermed ta mesteparten av støyten. Når skylaget skal forsere fjella, vil det meste av regnet kome ned og det betyr opphaldsvêr for Austlandet.
Dermed kan austlendingene la paraplyen kvile litt til.
I alle fall førebels, for seinare i veka beveger lågtrykket seg. Det gjer at også Austlandet kan få sin del av nedbøren i starten på neste veke.
– Då kan det kanskje bli mogleg å plaske litt i søla både for store og små også der, seier meteorologen.
Etter ein periode med ei søraustleg vêrtype har det regna ganske godt i aust.
– Denne omgangen er det vestlandet sin tur til å få ei runde med vått vêr, seier Haga.