Hopp til innhold

Sender spionar for å studere motstanden

Kven Brann møter i dei livsviktige kvalifiseringskampane til Tippeligaen vert avgjort i morgon. – Vi skal gjere leksa vår, seier trenar Rikard Norling.

Rikard Norling på dagens Brann-trening

SJÅ VIDEO: Rikard Norling møtte NRK under dagens Brann-trening.

For dei andre laga i Tippeligaen er sesongen over. Men på Nymark ved Brann Stadion i Bergen, vert det framleis terpa. Snart skal Brann ut i kvalik men kven dei møter over to kampar om litt over to veker, blir avgjort i morgon.

Då møtest Bærum SK og Mjøndalen til kamp. Vinnaren her frå moglegheita til å spela om plass i Tippeligaen 2015.

Naturleg nok er kampen interessant også for Brann. Rikard Norling seier han sender sine folk til å sitje på tribunen under kampen i morgon.

– Vi skal gjere leksa vår

Brann jubler i Haugesund

KLARE FAVORITTAR: Uansett om det blir Mjøndalen eller Bærum, så må Brann tola favorittstempelet.

Foto: Jan Kåre Ness / NTB scanpix

– Vi kjem til å vere der ja, svarar svensken lurt. Han vil heller ikkje sei om han sjølv er på plass når avgjerda om kven Brann møter fell.

Han seier han har sett nokre av kampane til Mjøndalen og Bærum og har gjort seg opp nokre tankar.

– Vi er audmjukt innstilt ovanfor begge og dei skil seg litt i spelestil. Men vi kjem til å gå ut frå vårt eige spel først og fremst.

Norling vil ikkje seie kven han føretrekkjer å møte.

– Vi gjer leksa vår no og ser til at vi er godt førebudd på det som blir motstandaren vår.

Brann er klar favoritt

For Brann blir den kommande kvalik-kampen den første på lenge der dei må tola favorittstempelet.

– Det står utruleg mykje på spel. Men vi har funne meir kraft i spelet vårt i det siste. Og kjensla av at vi har kjempa så mykje i år, gjer at vi er veldig motivert.

Fram til første kvalik-kamp blir det ein lang periode utan at Brann-spelarane får ein kamp i beina. Det uroar ikkje Norling.

– Vi spelar treningskamp i morgon, og så er det nokre som er på landslagsoppdrag. Så dei får sitt der.

Kampane vert spelt slik

Slik vert det avgjort kven som får spela i Tippeligaen 2015.

  • Laurdag 15. november klokka 19.00: Bærum SK–Mjøndalen IF

Dersom Mjøndalen går vidare blir det slik:

  • Søndag 23. november klokka 19.00: SK Brann–Mjøndalen IF
  • Onsdag 26. november klokka 19.00: Mjøndalen IF–SK Brann

Dersom Bærum går vidare blir det slik:

  • Søndag 23. november klokka 19.00: SK Brann–Bærum SK
  • Laurdag 29. november klokka 12.00: Bærum SK–SK Brann