Hopp til innhold

Sender rekning til politiet

Høyanger kommune vil ikkje ta rekninga for at Politiet mangla betjentar i området slik at brannvesenet måtte rykke ut til knivstikking.

Arve Varden

SKARPT POLITIOPPDRAG: Arve Varden meiner knivstikkinga i Høyanger var eit skarpt politioppdrag og at det difor bør vere politiet som tek seg av rekninga.

Foto: Arne Stubhaug / NRK

– Det er ikkje slik at våre ressursar ikkje skal vere til hjelp når det er situasjonar, men vi har vurdert saka slik at dette er eit skarpt politioppdrag. Difor synest vi det er naturleg at Politiet betalar for å kalle ut brannvernet, seier rådmann i Høyanger Arve Varden.

Det var 1. august i år at brannvesenet i Høyanger måtte rykke ut til ei knivstikking. I etterkant av hendinga har brannvesenet si rolle ved naudsituasjonar vore diskutert. Varden meiner at det er prinsippa som er viktige i denne saka.

– Kva beløp det er snakk om er foreløpig vanskeleg å seie. Det viktige her er den prinsipielle diskusjonen om det er kommunane si oppgåve å betale for at politiet har organisert seg slik at det ikkje betjentar i området når skarpe situasjonar oppstår.

Knivstikking i Høyanger

ÅSTADEN: Det var her i Sandvika utanfor Høyanger at knivstikkinga fann stad.

Foto: Arve Ullebø

Klarar kravet

Ronny Iden

VURDERING: Ronny Iden seier politiet skal gjere ei vurdering av innhaldet i kravet frå Høyanger kommune.

Foto: Arne Stubhaug / NRK

Politiet i Sogn og Fjordane har fleire gonger fått kritikk for å bruke lang tid på å kome seg til åstader. Visepolitimeister ved Vest politidistrikt, Ronny Iden, har foreløpig lite å seie om rekninga frå Høyanger.

– Vi må sjå på det kravet når det kjem og vurdere innhaldet. Vi må sjå kva som kjem og ta det deretter. Vi har krav på oss om å melde responstid, og no ligg vi i hovudsak an til å klare det kravet vi har om responstid.