Hopp til innhold

Sender 250 elevar på heimeskule: – Vi håpar situasjonen ikkje eskalerer

Ein lærar og ein elev ved Storetveit skole i Bergen har testa positivt på covid-19. No blir det undervisning heime for to klassetrinn.

Storetveit skole

EITT TRINN IGJEN: Berre 9. klasse ved Storetveit skole får møte opp til fysisk undervisning.

Foto: NRK

– Slik det ser ut no har vi rimeleg god kontroll på situasjonen, men det kan endre seg fort, fortel rektor Eli Sture Handeland.

Onsdag vart det klart at ein lærar og ein elev er smitta av korona. Eleven går i 8. klasse, og læraren har undervist på 10. trinn. Dei to tilfella er ikkje tilknytt kvarandre.

– Fire lærarar er nærkontaktar og blir sett i karantene, seier rektor.

Ei klasse blir på skulen

Av dei totalt 398 elevane på skulen er no 250 av dei sendt på heimeskule til over helga.

– Dei 130 elevane i 9. klasse blir igjen på skulen, fortel rektor.

Ifølgje henne jobbar skulen tett med smittevernmyndigheitene i Bergen.

– Vi jobbar no med smittevernsporing og det tek litt tid. Vi har heldigvis tatt alle forholdsreglar.

Eli Handeland, rektor Storetveit skole

KONTROLL: Rektor Eli Sture Handeland meiner dei har god kontroll på situasjonen.

Foto: Siri Løken / NRK

Heime sidan fredag

Læraren som er smitta har ikkje vore på skulen sidan fredag, fordi det var planleggingsdag måndag.

– Tida har nok hjelpt oss i denne situasjonen, seier Handeland.

Nokre elevar og lærarar som er nærkontaktar er sett i karantene. Rektoren utelukkar ikkje at alle trinn må ha heimeskule dersom det blir nødvendig.

– Men slik situasjonen er no held det med desse klassetrinna, seier ho.

Det er ikkje noko som tyder på at smitten har kome frå skulen.