Hopp til innhold

Sende ut feil dødsbodskap

Betanien sykehjem i Fyllingsdalen ringde natt til onsdag til feil pårørande etter at ein bebuar døydde, skriv BA. Administrerande direktør Per Martin Knudsen beklagar, og seier dei vil undersøke internt korleis ein så alvorleg feil kunne skje.