Lagar du kortfilm? Send den inn og bli med på årets Qfilm-konkurranse

Lagar du film? Då bør du sende den til årets Qfilm-festival. Du kan vinne eit speilreflekskamera om du stikk av med Publikumsprisen.

Qfilm-maskoten. leiar Janne Grete Myklebust og nestleiar Håvard Osland Sagmo

ØNSKJER FILMEN DIN: Filmfestivalleiar Janne Grete Myklebust og nestleiar Håvard Osland Sagmo håper på mange filmar. Til venstre i biletet ser du maskoten til festivalen.

Foto: Qfilm

Skund deg å sende inn filmen din, for i dag går fristen ut!

Det er igjen klart for filmfestival på Sandane. Qfilm er ein festival der kreativ ungdom får vise kva dei kan om film, samt lære meir om film via forskjellige aktivitetar, foredrag og kinovisningar.

Det er 3. klasse ved linja for media og kommunikasjon som arrangerer Qfilm. Festivalleiar Janne Grete Myklebust gler seg til ei veke der film står i fokus.

– Dette er ein filmfestival der all ungdom under 23 år kan delta ved å sende inn film. Vi håper flest mogleg vil sende inn filmar til oss, seier ho.

Publikumsprisen

Festivalen lokkar med fine premiar og Myklebust seier at alle skal kunne finne ein sjanger dei vil delta i.

– Det er åtte forskjellige kategoriar i år, så vi trur det er noko for einkvar smak, seier ho.

Vinnarane blir hylla i ekte Oscar-ånd på Qpris 28. november. Alle vinnarane med unntak av Publikumsprisen blir kåra av ein jury.

Vinnaren av Publikumsprisen blir stemt fram på nettsidene til NRK Sogn og Fjordane. Premien i denne klassen er eit speilrefekskamera til ein verdi av om lag 8000 kroner.

NB! Filmane i kategorien Publikumsprisen kan ikkje ha musikk det er knytt rettar til. Her må du anten lage musikken sjølv eller få løyve til å bruke musikken. Ver merksam på at videoen og musikken kan publisert på NRK.no. Det går også an å bruke musikk som ikkje har rettar knytt til seg. NRK Urørt har musikk som det går an å bruke, berre hugs å kreditere artisten.

Film om å vere ung

Ein av klassane i år er Dokument 2013. Dette prosjektet er det fylkeskommunen som står bak og tanken er at ungdom mellom 15 og 23 år skal lage film om å vere ung i Sogn og Fjordane.

– Vi gleder oss til å dele ut Dokument 2013-prisen på Qpris. Her er det premiar på over 17.000 kroner.

Feirar tiårsjubileum

I har filmfestivalen tiårsjubileum og dette skal markerast litt ekstra. Mellom anna skal dei heidre det som er blitt gjort dei tidlegare åra. Men programmet vil ho ikkje røpe enno.

– Temaet for festivalen er førebels hemmeleg, men eg kan avsløre at vi har spennande namn som kjem til fagdagen. Vi skal også vise mange spennande og gode filmar.

Årets festival byrjar 25. november og avsluttar med fagdagen den 29. november. Fristen for å sende inn filmane er 4. november.