Reiten har laga ei sjekkliste på ni punkt for arbeidsgjevarar som vil legge ned norske arbeidsplassar og flytte dei til utlandet.
- Ikkje utset vanskelege avgjerder
Resepten er mellom anna å handle kjapt og ikkje ta omsyn til protestar frå tilsette og politikarar. - I den grad vi har gjort feil, er det fordi vi handla for seint, seier Reiten. - Ikkje utset vanskelege avgjerder ved å love å sjå på saka ein gong til, er eitt av dei ni råda frå Eivind Reiten til norske næringslivstoppar.

Odd Semstrøm. Arkivfoto NRK
Semstrøm er provosert
- Det er nesten umogeleg å argumentere for betre rammevilkår for norsk industri når sjefane tenker slik, seier Semstrøm til Dagens Næringsliv. Han er spesielt provosert over rådet om å ikkje sjå på saka ein gong til.